Sunnfjord kommune

Kuvettreglar for deg som ferdast i naturen

Kuvettreglar for deg som ferdast i naturen

Norsk Friluftsliv saman med Bondelaget, TYR, Tine, Norges Bonde- og Småbrukarlag og Geno har laga kuvettreglar.

Sunnfjord kommune er største landbrukskommunen i Vestland og vi meiner alle bør lære seg desse:

  1. Hald avstand til dyra og gå utanom flokken.
  2. Gå ikkje mellom dyra. Kyr kan vere pågåande og skape uønska situasjonar
  3. Ikkje gå attåt kalvar. Kyr kan gå til åtak for å verne kalvane.
  4. Ta ikkje hundar med til beitande dyr. Hugs utvida bandtvang i Sunnfjord kommune frå  1. april til og med 1. november.
  5. Kyr er nysgjerrige. Om kyr vert pågåande, legg ned det du har i hendene og trekk deg unna. Du kan hente att utstyret etter at kyrne har gått.
  6. Lat att etter deg, om du opnar grinder! Dyr kan kome på avvegar dersom du ikkje let att. Det kan vere til fare for dei.