Sunnfjord kommune

Kurs for pårørande

Kurs for pårørande

Kurs og samtalegrupper for pårørande til personar med demens

Samtalegruppene er eit tilbod til deg som har ein familiemedlem eller ein nær venn med demenssjukdom. Personen med demens kan bu heime eller på institusjon. Du treff andre pårørande i same situasjon og fagpersoner med kompetanse på området.

Samlingane vert inndelt i ulike tema med ei kort innleiing rundt eit tema, før gruppesamtale/erfaringsutveksling.

Det vert fire samlingar, med følgjande tema

  • Kva er demens?
  • Pårørandeerfaring/eigenomsorg/ meistringsstrategiar.
  • Kommunikasjon og samhandling.
  • Hjelpemiddel/støtteordningar/tenester.

I samtalegruppene legg vi vekt på openheit i trygge omgivnader. Opplysningar som kjem fram, skal bli mellom deltakarane.

Praktiske opplysningar

Kurset vert arrangert i to mindre grupper (4-6 i kvar), ei i Naustdal og ei på Vassenden. Også Fjaler kommune sitt demensteam er med i samarbeidet om pårørandeskule, og deltakarar herifrå har muligheit til å melde seg på gruppene. To fagpersonar vil leie kvar gruppe, og du vel sjølv kva gruppe du vil vere med i.

Stad, Dato og klokkeslett

  • Vassenden – Arbeidsstova på Vassenden omsorgssenter
  • Naustdal – kantina 2.etg v/Naustdal omsorgssenter
  • Dato 20.oktober, 27.oktober, 3.november og 10.november
  • Klokka 18.00 – 20.00

Det er gratis å delta.

Påmelding

  • Innan 13.oktober.

Er det få påmeldte på ei gruppe vil vi slå saman gruppene.

For meir informasjon og påmelding, ta kontakt med

For gruppe på Vassenden 

For gruppe i Naustdal

Du kan og kontakte demensteamet i Førde: