Sunnfjord kommune

Kulturkonferansen i Vestland 16. oktober 09.00–15.00 – digital konferanse

Kulturkonferansen i Vestland 16. oktober 09.00–15.00 – digital konferanse

Klikk for stort bileteTingveggen på Gulating David Zadig Kulturens samfunnsbyggande kraft
Korleis kan kunst og kultur bidra i samfunnsutviklinga og
styrkje fellesskapa i Vestland?
Hovudbodskapen i kulturmeldinga er at kunst og kultur er ytringar med
samfunnsbyggande kraft. Eit rikt og variert kulturliv er ein føresetnad
for ytringsfridom, ei opplyst offentlegheit og demokrati.

Konferansen tek opp spørsmål som på ulike måtar knyter seg til kultur som kraft i
samfunnsutviklinga.

Konferansen har tre hovudtema:


Grønt vegkart for kultur
Kva kan liggje inne av nye og meir miljøvenlege løysingar i vegkartet, og
kva inneber satsinga for Vestland? Gjennom Grønt vegkart for kultur
skal kultursektoren bidra til ei meir berekraftig utvikling for Norge.


Kultur under pandemien
Kva er utfordringane vel eit halvt år etter nedstenginga, og korleis bør vi
møte dei? Smitteverntiltaka i samband med koronapandemien har hatt
omfattande økonomiske konsekvensar for kulturlivet. Samstundes er
nye digitale tilbod utvikla, og digitaliseringa har endra styrkeforholdet
mellom aktørane.


Kommune 3.0 – medborgarskap og meistring
Korleis samskaper og samhandlar vi i den nye kommune- og
fylkesstrukturen i Vestland? Kommune 3.0 er samskapingskommunen
der politikarane, tilsette, innbyggjarane og næringslivet saman finn ut
korleis eit behov eller ei utfordring skal møtast. Målet er meistring og
ansvarleggjering av eigne innbyggjarar.

Informasjon om kulturkonferansen