Sunnfjord kommune

Koronatesting i kommunen vert primært utført ved sjølvtest

Koronatesting i kommunen vert primært utført ved sjølvtest

Kart som viser ny teststasjon - Klikk for stort bileteKart som viser ny teststasjonVi nyttar  sjølvtestar som vert levert ut på test-stasjonen ved legevakta på sjukehuset og på legekontora på Sande, Skei og Naustdal.

Informasjon om koronatesting - hurtigtest

Jamfør nye reglar, er det frå og med onsdag 26. januar ikkje lenger krav om karantene for nærkontakter. Husstandsmedlem og tilsvarande nære må teste seg dagleg i minimum 6 døgn frå siste nærkontakt med den smitta. Andre nærkontakter skal som før teste seg på dag 3 og dag 5 frå siste nærkontakt. Nærare informasjon om test-regime finn du på karantene-kompasset . Testane vert levert ut som 5-pakningar. 

Følgande prioriteringsrekkefølge gjeld for utlevering av tester:

  •  Test av personer med symptomer
  •  Test av personer med kjent eksponering :
    •  test i stedet for karantene av husstandsmedlemmer/tilsvarende nære
    •  test av øvrige nærkontakter
  •  Annen screening etter smittevernfaglig vurdering
    •  test av personer som utfører kritiske samfunnsfunksjoner (som inkluderer helsepersonell)
    •  jevnlig testing

Positiv hurtigtest er sikker bekrefting på at du er smitta av covid-19, og du må då:

  • Isolera deg frå andre
  • Du skal  ikkje ta PCR test om du har 3 koronavaksiner eller har hatt positiv koronatest siste 3 mnd.
  • Har du primær eller sekundær immunsvikt (organtransplantert, immundempande medisin) er du tilrådd PCR-test
  • Er du uvaksinert eller delvaksinert og treng PCR-svar for koronasertifikat kan du ta PCR-test

Testing i forbindelse med reiser blir ikkje lenger utført ved den kommunale teststasjonen. Bestill slik test på flyplassen eller ved grenseovergangar.  

PCR-test

Dersom du treng PCR-test kan du bestille den på Helseboka

Plassering av teststasjonen

Teststasjonen er plassert ved Førde sentralsjukehus, mellom Hildra- og Svanabygget. Innkøyring skjer frå Vievegen ved Høgskulen på Vestlandet og mot hovudinngangen til legevakta og sjukehuset. Vegen er einvegskøyrt, følg difor skilting.

Kart som viser teststasjonen

Utlevering av hurtigtest

Hurtigtestane vert levert ut på test-stasjonen ved legevakta på sjukehuset i tidsrommet: 
08.00—10.00 og 12.00—14.00  kvar dag.

Det vert og levert ut hurtigtestar ved legekontora på Sande, Skei og Naustdal
i opningstida: 08.00—15.30.

Ring det aktuelle  legekontoret for å avtale henting.

  • Jølster legekontor -  57 72 62 50
  • Naustdal legesenter -  57 81 60 20
  • Sande legesenter  - 57 71 82 40

NB – er du så sjuk at du har behov for å komme til lege ber vi deg kontakte eige fastlegekontor i opningstida. Utanom vanleg opningstid skal du ringe 116 117.

FHI-Råd som gjeld ved nyoppståtte luftvegssymptom 

Registrer positiv hurtigtest og nærkontakter

Du kan hjelpe helsearbeidarane i kommunen ved å seie ifrå om positivt svar på en hurtigtest for Covid-19, og dele informasjon om dine nærkontakter. Du kan også registrere ein test på vegne av andre, for eksempel eigne barn.

Dersom du har positiv hurtigtest registrere du dette på hjemmetest.remin.no/sunnfjord.  Du finn og lenka under karantenekompasset.

Informasjon om registrering av positiv hurtigtest