Korona og influensavaksine

Sunnfjord kommune mottek årets influensavaksine (for risikogruppene) og den oppdaterte koronavaksina Comirnaty JN.1 frå Pfizer i veke 42. Korona og influensavaksine kan takast samtidig. Ved samvaksinering settast vaksinane i kvar sin arm.

FHI anbefaler følgande grupper å ta ei oppfriskingsdose:

Alle over 65 år bør ta begge vaksinene. Vaksne som er kronisk sjuke, har alvorleg fedme eller er gravide bør også ta vaksinane.

Du finn meir utfyllande vaksineinformasjon på Folkehelseinstituttet sine nettsider

FHI - Influensa- og koronavaksine på 1-2-3

Vaksinasjonstilbod Sunnfjord kommune:

 Førde: Det vert vaksinasjonskveldar i Førdehuset, der du vert tilbydd både korona og influensavaksine.

  • Søndag 20. oktober frå klokka 15:00
  • Onsdag 23. oktober frå klokka 16:00
  • Søndag 17. november frå klokka 15:00

Bestill vaksinasjonstime i Førdehuset

Dersom du ikkje får bestilt time på nett, kan du send e-post til vaksinasjon@sunnfjord.kommune.no. Det same gjeld om du vil avbestille timen du har fått.

Naustdal legesenter:

Det vert vaksinasjonskveldar i Naustdal

  • Onsdag 16. oktober frå kl.16.00 til 19.30
  • Onsdag 23. oktober frå kl.16.00 til 19.30
     

Ring 57816020 for å avtale tidspunkt for vaksinering.

Har du time hjå fastlege på dagtid får du sett vaksine same dag.

Pris for influensavaksine kr 110. Coronavaksine: Gratis.

Sande og Jølster legekontor:

Det vert sett av tid for vaksinasjon på dagtid der du får tildelt time via våre medarbeidarar.

Pris:

  • Koronavaksine – gratis
  • Influensavaksine Førdehuset 120 kr, ved legekontor på dagtid 174 kr (ved frikort 110 kr)
     

Dersom du har time hos fastlege i aktuell periode (og er risikopasient) kan du få influensavaksine ved denne konsultasjonen.