Sunnfjord kommune

Kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder runde 3

Kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder runde 3

Klikk for stort bileteEr di bedrift hardt ramma av smitteverntiltak ? Kommunal kompensasjonsordning runde 3 er lyst ut.

Sunnfjord kommune er i tredje runde tildelt kr. 3.147.000 til kommunal kompensasjonsordning.

Kommunane skal bruke midlane på tiltak for lokale verksemder som er ramma av strenge smitteverntiltak. Dette gjeld særleg støtte som kompenserer lokale verksemder sine kostnader eller tap som følgje av smitteverntiltak og nedstenging.

Søknadsportal og forholdet til regelverket


Ein forenkla søknad skal sendast inn gjennom regionalforvaltning.no under søknadsskjema med tittel «Kommunal kompensasjonsordning runde 3, nasjonalt notifisert ordning, Sunnfjord kommune».

Tilskot til verksemder må vere i samsvar med regelverket for offentleg støtte.

Søknadsfrist: 30.september 2021

 

Meir informasjon om ordninga og søknad

 

Om du har spørsmål, ta kontakt med Sunnfjord Utvikling:

Sunnfjord Utvikling AS er Sunnfjord kommune si førstelinjeteneste innan næringsutvikling og er sett til å forvalte det kommunale næringsfondet og kompensasjonsmidlane på vegne av kommunen.