Sunnfjord kommune

Kartverket har fått nye nettsider

Kartverket har fått nye nettsider

Kartverket, illustrasjonsbilde - Klikk for stort bilete Kartverket Det er over 20 000 besøk på nettsidene til Kartverket kvar vekedag. Gjennom dei nye nettsidene vil du finne raskare fram og få endå betre hjelp med dei oppgåvene du oppsøker kartverket.no for å løyse. 

Eigedomsinformasjon, kart og data 

Mellom anna er det no enklare å finne eigedomsinformasjon og få rettleiing for deg som skal kjøpe eller selje hus. Er du på jakt etter data eller kart, så skal det vere lettare å finne det, anten du skal ha kart til tur i fjellet eller med båten, eller du skal nytte Kartverket sine data i jobben din.

Det er også lagt ned mykje arbeid i å gjere rettleiingssidene meir tilgjengelege for deg som jobbar med geodata i kommunar, private bedrifter og andre verksemder.

Blant mange forbetringar er ny og oppgradert versjon av den svært populære tenesta Se havnivå.

Nettsida har også fått nytt og friskt design.

Sjekk Kartverket si nye nettside