Sunnfjord kommune

Karantenekompasset - slik er karantenereglane for deg

Karantenekompasset - slik er karantenereglane for deg

Karantenekompass - Klikk for stort bileteOppdatering 6. april: anbefalinga om å halde seg heime i 4 døgn etter positiv test er oppheva.
Informasjon om isolasjon
Smittevernråd som gjeld for alle

Svar på spørsmåla for å finne ut kva reglar som gjeld i din situasjon.

Er du smitta sjølv, eller er du nærkontakt til nokon som er smitta?

Endre svaret
Nærkontakt
Kva slags nærkontakt er du?

Endre svaret
Er hurtigtesten din positiv?
  • Isolasjonsplikt blir erstatta med anbefaling om å holde seg heime.
  • Testar du positivt for covid-19, bør du halde deg heime, halde avstand til dei du bur saman med og eventuelt bruke munnbind.
  • Du bør halde seg heime og ikkje gå tilbake på jobb, før du har vore feberfri i minst 24 timar. Det er ikkje lenger behov for at du har eige bad eller held seg borte frå andre husstandsmedlemmar.
  • Dersom du ikkje har symptom: Du bør halde deg heime  frå tidspunktet du fekk positivt resultat. Dette gjeld uavhengig av om du er vaksinert eller ikkje.
  • Du har sjølv ansvar for å informere dine husstandsmedlemmar og tilsvarande nære om at du er smitta.
  • Registrer positiv hurtigtest på:  hjemmetest.remin.no/sunnfjord
  • Positiv hurtigtest er sikker bekrefting på at du er smitta av covid-19.
  • Det har ingen hensikt å ta nye testar dersom du har testa positivt. Testane slår ofte ut som positive lenge etter at du er smitta, då dei ikkje skil på levande og dødt virusmateriell
  • Du skal  ikkje ta PCR test om du har 3 koronavaksiner eller har hatt positiv koronatest siste 3 mnd.
  • Har du primær eller sekundær immunsvikt (organtransplantert, immundempande medisin) er du tilrådd PCR-test
  • Er du uvaksinert eller delvaksinert og treng PCR-svar for koronasertifikat kan du ta PCR-test
  • Varsle leiar så fort som mogleg viss du er helsepersonell
  • Om du er symptomfri/har lite symptom så informer arbeidsgjevar. Dersom det er driftsutfordringar ved arbeidsstaden kan det likevel vere aktuelt at du går på jobb.

For meir informasjon sjekk sidene til helsenorge.no
Sjekk om du treng ein bekreftande PCR test

Gjennomgått covid-19 dei tre siste månadane

Alle som har gjennomgått covid-19 dei tre siste månadane, er unntatt smittekarantene. Dette gjeld frå du er ferdig med isolering og til det har gått tre månader frå du tok den positive testen.

Husstandsmedlem eller tilsvarande nære, testregime
  • Du har ikkje karantene.
  • Nærkontaktane anbefalast, som alle andre, å ta ein koronatest dersom dei har symptom.
  • Regjeringa går bort frå anbefalinga om at husstandsmedlemmer og tilsvarende nære bør teste seg etter nærkontakt med ein smitta.
  • Helsepersonell: Arbeider du som helsepersonell er du tilrådd å teste deg dagleg dei første 5 dagane etter at smitta husstandmedlem har fått symptom. Om du ikkje kan halde skikkeleg isolasjon ovanfor vedkomande gjeld rådet i 9 døgn. Du skal nytte munnbind i jobb-samanheng i same periode.
  • Følgande er tilrådd:  
    • Følg med på eventuelle symptom under heile perioden.
    • Ved symptom bør ein halde seg heime og teste seg.
    • Barn i barnehage og skulelevar anbefalast å holde seg heime hvis dei er sjuke, men dei behøver ikkje å teste seg. Dei kan gå på skule og i barnehage når dei har vore feberfrie i 24 timar.
  • Har du gjennomgått covid-19 siste 3 månader, er det ikkje tilrådd at du testar deg.

Informasjon om koronatesting på helsenorge.no

Annan nærkontakt, ikkje krav om karantene
  • Du er ikkje pålagt karantene
  • Ha ekstra fokus på eigne symptom dei første 10 dagane. Du bør deg heime og ta test ved nyoppståtte symptom.
  • Det er ikkje tilrådd med rutinemessig testing.
  • Dersom du arbeider i omsorgstenesta i kommunen vil strengare reglar kunne gjelde dersom det oppstår smitteutbrot på avdelinga di. Då skal du følgje dei retningslinjene du får frå din leiar.

Informasjon om koronatesting på helsenorge.no

Vel eit av alternativene ovenfor