Sunnfjord kommune

Kan koronaviruset smitte via drikkevatn?

Kan koronaviruset smitte via drikkevatn?

Klikk for stort bilete Folkehelseinstituttet Koronavirusepidemien vil ikkje utgjere auka risiko for smitte via drikkevatnet fordi norske vassbehandlingsanlegg har barrierar for dette viruset på lik linje med andre sjukdomsframkallande virus.

Drikkevatnet skal vere trygt for smittefare

Det nye koronaviruset er påvist i avføringa til nokre av dei som er smitta, og vil difor også kunne finnast att i avløpsvatn. Det er likevel enno ikke noko som tyder på at utskillinga av koronavirus er like høg som typiske mage-tarm-virus som norovirus og adenovirus.

I følge Verdens helseorganisasjon (WHO) vert ikkje koronaviruset vurdert å være meir bestandig i miljøet eller meir resistent ovafor renseprosessar og desinfeksjon enn andre sjukdomsframkallande virus. Så lenge ein følgjer dagens krav og beste praksis for å unngå smittespreiing via vatn, er det ikkje behov for å sette inn korona-spesifikke tiltak. For denne smittevegen (fekal-oral) vert ikke det nye koronaviruset vurdert å vere farlegare enn anna som kan smitte via vatnet, og som vi allereie har innarbeidd rutiner for å handtere.

Vass- og avløpssektoren er ekstra merksame

Vass- og avløpssektoren er éin av 14 samfunnskritiske funksjonar som innbyggarane er avhengige av. Alle som arbeider i vassverk, avløpsrenseanlegg og med leidningsnett, er ekstra merksame på å rette seg etter krav og retningslinjer for god hygiene og helsemessig sikkert arbeid.

Vi rettar oss også etter helsestyresmaktene sine generelle råd om at tilsette i størst mogleg grad unngår fysisk kontakt med kvarandre, og at arbeidsdagen vert organisert slik at eventuell sjukdom ikkje fører til at mange blir sjuke og må i karantene.  For oss er det er viktig at alle som arbeider med vatn og avløp held seg friske, for å kunne yte dei samfunnskritiske tenestene.

Det er mange sjukdomsframkallende virus, bakterier og parasittar som potensielt kan smitte via vatn og avføring (fekal-oral smittevei). Å hindre slik smitte,  har alltid vore hovudoppgava for alle som arbeider med vassforsyning og avløpshandtering.