Internasjonal matfestival 2024Velkommen til å presentere matrett frå dykkar nasjon laurdag 23. november i Førdehuset i samband med Bornas VerdsdagDe opplyser sjølv om namn på matrett og kva den kostar, skriv gjerne små plakatar der det står noko om dette. De kan ta imot betaling kontant eller via eigen vipps.God hygiene er sjølvsagt på eit slikt arrangement. Vi har forkle som de kan låne men de må sjølv ta med eingongsutstyr, aluminiumsfolie eller anna som de har behov for til å servere dykkar matrettar.Det er ikkje høve til å nytte varmeplater/kokeplater på grunn av liten tilgang til straum. Vi har ein mikrobølgeomn til felles bruk.De kan komme og rigge til i Festsalen mellom klokka 9.45 og 10.15Sjølve arrangementet startar klokka 10.30 i FestsalenPåmeldingPåmelding innan 18. November (eller så langt det er plass i lokalet)Send e-post til: frisklivogfrivillig@sunnfjord.kommune.noHugs å skriv namn, telefonnummer og nasjonalitet/land i påmeldinga Arrangør: Bornas verdsdag Førde Førde Frivilligsentral Førdefestivalen Sist endra 01.10.2024 11.25