Sunnfjord kommune

Informasjonsmøte om framtidig bruk av skulane i Sunnfjord kommune

Informasjonsmøte om framtidig bruk av skulane i Sunnfjord kommune

Klikk for stort bilete Gregory Idehen     

På møta vil det bli ein gjennomgang av alternativa for framtidig bruk av skulane, og informasjon om vidare prosess.

Sunnfjord kommune vil planlegge for ein skule og ein skulestruktur som møter den framtidige samansetninga av innbyggjarar. I Sunnfjord kommune vil det i framtida bli fleire eldre og færre born. Med dette er det derfor venta eit synkande elevtal. Dette er ein nasjonal trend som vi må planlegge våre tenester ut ifrå. 

Fleire møte med same informasjon
Sunnfjord kommune vil halde møte med den same informasjonen fleire stadar i kommunen. Kommunen har valt denne løysinga, då vi  grunna smittevern ikkje kan samle fleire enn 200 deltakarar. Det vert derfor høve til å høyre orienteringa på ulike måtar:

  • direkte i nokre lokale
  • videooverføring i nokre lokale 
  • til slutt felles strøyming  gjennom kommune-TV

Presentasjon som vert vist på informasjonsmøta om skulestrukturen  (PDF, 3 MB)

Tid og stad for informasjonsmøta

Alle møta vert på same klokkeslett: 19.00–21.00

  • 22. oktober: Skei, Thon hotell Jølster. Møtet blir overført til storskjerm på Vassenden skule
  • 26. oktober: Naustdal skule. Møtet blir overført til storskjerm på  Vevring skule
  • 27. oktober: Viksdalen skule. Møtet blir overført til storskjerm på Sande skule og Bygstad skule
  • 28. oktober: Førdehuset. Møtet blir overført til storskjerm på Flatene skule, Halbrend skule, Karstad skule, Førde ungdomsskule, Førde barneskule, Slåtten skule, Sunde skule, Holsen skule og Frøysland skule. Dette møtet blir strøyma via kommune-TV slik at alle som vil kan få orienteringa.

Det er høve til å stille spørsmål og delta i debatten om du møter i eit av dei oppgjevne lokala. Dette gjeld også dei lokala med overføring via storskjerm.