Informasjon til brukarar pårørande om besøk i omsorgssentera og omsorgsbustadar Gregory Idehen Smittesituasjonen i Noreg kan utvikle seg raskt og kva område som har auka smitte med covid-19 vil endre seg. Det er auka smitte med covid-19 i enkelte område i Noreg og det er kome nye tilrådingar frå Regjeringa. Vi må gjere det vi kan for å unngå at pasientar og bebuarar i omsorgssentera og i omsorgsbustadane vert utsette for smitte. Sunnfjord kommune følgjer difor gjeldande nasjonale råd og endrar besøksrestriksjonane i tråd med desse. Rutina gjeld inntil det kjem nye nasjonale råd.Besøkande i omsorgssenter/institusjon Besøk skal vere avtalt med leiinga på førehand Det vert innført besøkstid: kl. 13.00-14.30 og kl. 16.00-18.30 Besøkande går direkte til pasienten sitt rom og kan ikkje opphalde seg i fellesareal Pårørande som har vore på reise i Oslo, eller andre område med høgt smittepress (raude område), kan ikkje komme på besøk i omsorgssenteret før 10 dagar etter heimkomst Besøkande vert oppmoda om å skrive seg inn i besøksprotokoll Besøk utanfor institusjon bør avgrensast til eit minimum og kun skje etter vurdering av smitterisikoPårørande som bur i Oslo, eller andre område med høgt smittepress, kan få dispensasjon til å besøke alvorleg sjuke og døyande pasientar dersom: Dei er friske, utan symptom på luftvegsinfeksjon Har negativ covid-19 test som ikkje er eldre enn 3 døgn Er kjend med gjeldande smittevernreglar og følgjer desseNB! Det er kommuneoverlege eller kommunalsjef som kan gje dispensasjon. Besøkande i omsorgsbustad Omsorgsbustad er brukar sin private heim og bestemmer sjølv om vedkomande ønsker å ta i mot besøk Brukar vert oppmoda om å følgje dei nasjonale retningsline om å avgrense besøk og ha maks 5 personar på besøk samtidig. Det er tilrådd at det bør haldast minimum 1 meter avstandFor alle besøkande gjeld følgjande reglar: Pårørande som har symptom på luftvegsinfeksjon skal ikkje kome på besøk Gode rutinar for handvask før og etter besøk Besøkande må halde reglar om avstand; direkte fysisk kontakt kan vurderast, men nær ansikt-til-ansikt-kontakt bør unngåast. Om det skjer, er det viktig med god handhygiene etterpå Besøkande skal halde 2 meter avstand til andre enn den dei besøker Personalet har høve til å vise vekk pårørande med symptom på luftvegsinfeksjon, eller som ikkje følgjer reglane for hygiene og avstand Besøkande vert oppmoda om å melde i frå til avdelingsleiinga dersom dei får symptom på luftvegsinfeksjon dei første dagane etter besøket Informasjon frå helsedirektoratetFHI sine tilrådingar Sist endra19.01.2021 14.29