Sunnfjord kommune

Informasjon til brukarar pårørande om besøk i omsorgssentera og omsorgsbustadar oppdatert 11.02.2021

Informasjon til brukarar pårørande om besøk i omsorgssentera og omsorgsbustadar oppdatert 11.02.2021

Klikk for stort bilete Gregory Idehen Institusjonsbebuarane i Sunnfjord kommune er ferdig vaksinerte mot covid-19, og vil ha redusert risiko for å utvikle sjukdom. 
Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet endrar difor fleire av råda for besøk i institusjon.

Sunnfjord kommune følgjer nasjonale råd og tilrådingar

FHI - Endra råd for besøk i institusjon

Det har vore strenge besøksrestriksjonar i lang tid. No når nær alle institusjonsbebuarane er vaksinerte, kan vi lette på nokre av tiltaka. Vi gjer merksam på at vaksinen ikkje beskyttar heilt og fullt, men det er betydeleg mindre risiko for covid-19 etter vaksinasjon.

Det er brukarar/pasientar i institusjon som ikkje er vaksinerte. Det er difor fortsatt nødvendig å oppretthalde nokre besøksrestriksjonar for å verne desse.

Eigne besøksrutinar for Førde omsorgssenter korttid og Skei omsorgssenter rehabilitering

Førde omsorgssenter, korttid, og Skei omsorgssenter, rehabilitering, har stor sirkulasjon av pasientar/brukarar, og dermed fleire som ikkje er vaksinerte. Det er difor nødvendig å oppretthalde besøksrestriksjonane frå 25.01.21 ved desse einingane. 

Endringar

  • Vaksinerte pasiantar/brukarar kan igjen ha nærkontakt med nokre av sine nærmaste. Vi tilrår at dei nærmaste vert avgrensa til 5 personar.  
  • Fellesområde kan nyttast til besøk dersom det er mogleg å halde minst 1 meter avstand til andre.
  • Vi ønsker at besøk i omsorgssenter fortsatt vert avtalt på førehand.

Besøkande i omsorgssenter/institusjon

  • Besøk skal vere avtalt med leiinga på førehand. De kan ringe for å avtale besøk måndag-fredag klokka 08.00-15.30
  • Besøkstid klokka 13.00-14.30 og klokka 16.00-18.30 alle dagar
  • Pårørande som har vore på reise i Oslo- eller Bergensregionen, eller andre område med høgt smittepress, bør følgje smittevernråda for område med høgast smitterisiko
  • Besøkande vert oppmoda om å skrive seg inn i besøksprotokoll
  • Besøk kan skje i brukar/pasient sitt rom eller i fellesareal dersom kravet til avstand til andre kan haldast
  • Ved besøk utanfor institusjon bør smitterisiko vurderast

Besøkande i omsorgsbustad

  • Omsorgsbustad er brukar sin private heim og brukar bestemmer sjølv om vedkomande ønsker å ta i mot besøk
  • Brukar vert oppmoda om å følgje dei nasjonale retningslinene og avgrense tal besøkande til maks 5 personar på besøk samtidig. Det er tilrådd at det bør haldast minimum 1 meter avstand

For alle besøkande gjeld følgjande reglar:

  • Pårørande som har symptom på luftvegsinfeksjon skal ikkje kome på besøk
  • Gode rutinar for handvask før og etter besøk
  • Besøkande må halde regel om minimum 1 meter avstand til andre bebuarar, besøkande og personalet
  • Personalet har høve til å vise vekk pårørande med symptom på luftvegsinfeksjon, eller som ikkje følgjer reglane for hygiene og avstand
  • Besøkande vert oppmoda om å melde i frå til avdelingsleiinga dersom dei får symptom på luftvegsinfeksjon dei første dagane etter besøket

FHI - Smittevernråd ved besøk i kommunale helse- og omsorgsinstitusjonar

Helsedirektoratet sin vegleiar for besøk til pasientar og bebuarar