Sunnfjord kommune

Informasjon til brukarar pårørande om besøk i omsorgssentera og omsorgsbustadar gjeldande frå 27.05.2021

Informasjon til brukarar pårørande om besøk i omsorgssentera og omsorgsbustadar gjeldande frå 27.05.2021

Gregory Idehen Sunnfjord kommune følgjer nasjonale råd og tilrådingar. Nasjonale råd er endra frå 27.05.21. Vi går inn i fase 2 av gjenopning av samfunnet.

Sunnfjord kommune følgjer nasjonale råd og tilrådingar

Institusjonsbebuarane i Sunnfjord kommune som er ferdig vaksinerte mot covid-19, vil ha redusert risiko for å utvikle sjukdom. Vaksinen beskyttar ikkje heilt og fullt, men det er betydeleg mindre risiko for covid-19 etter vaksinasjon.

Pandemien er ikkje over. Det er smittetrykk i enkelte område i landet, og det dukkar fortsatt opp lokale enkelttilfelle med covid-19 smitte. Det er difor nødvendig  å oppretthalde nokre besøksrestriksjonar.

Endringar

Det er innført nye omgrep om vaksinerte og ikkje vaksinerte personar:
FHI- Råd og reglar for deg som er vaksinert eller har gjennomgått covid-19

Beskytta:

  • Personar som er fullvaksinerte, dvs 1 veke etter 2. vaksinedose har status som beskytta
  • Personar som har fått 1. vaksinedose har status som beskytta frå 3-15 veker etter vaksine vart gitt
  • Personar som har gjennomgått covid19 infeksjon har status som beskytta i 6 mnd

Ubeskytta:

  • Personar som ikkje er vaksinerte eller har gjennomgått covid19 infeksjon

Kva råd som gjeld

  • Beskytta personar kan ha nær sosial kontakt med andre beskytta personar
  • Beskytta personar kan ha nær sosial kontakt med ubeskytta personar som ikkje er i risikogruppa
  • Beskytta personar bør fortsatt halde minst 1 meter avstand til ubeskytta personar i risikogruppa
  • Beskytta personar vert ikkje lenger telt med i tal besøkande. Det er høve til å ha besøk av inntil 10 ubeskytta personar i tillegg til beskytta besøkande.
  • Ubeskytta besøkande må fortsatt halde 1 meter avstand til andre ubeskytta

Besøkande i omsorgssenter/institusjon

  • Hovudinngangen vert opna opp og det er ikkje lenger nødvendig å avtale besøk på førehand
  • Besøkande som kjem frå/har vore på reise i område med høgt smittepress, skal følgje smittevernråda for område med høgast smitterisiko
  • Besøkande som kjem frå desse områda skal vere symptomfrie for luftvegsinfeksjon
  • Besøkande vert oppmoda om å skrive seg inn i besøksprotokoll
  • Besøk kan skje i brukar/pasient sitt rom eller i fellesareal dersom gjeldande krav til avstand til andre kan haldast
  • Besøkande skal bruke munnbind ved opphald i fellesareal dersom kravet til avstand ikkje kan oppretthaldast
  • Reiser pasient/brukar på besøk utanfor institusjon, bør smitterisiko vurderast

Besøkande i omsorgsbustad

  • Omsorgsbustad er brukar sin private heim og brukar bestemmer sjølv om vedkomande ønsker å ta i mot besøk
  • Brukar vert oppmoda om å følgje dei nasjonale retningslinene
  • Brukar som er beskytta kan ha ubegrensa besøk av andre beskytta, men tilrådinga er å avgrense tal ubeskytta besøkande til maks 10 personar samtidig.
  • Ubeskytta bør kunne halde minimum 1 meter avstand til kvarandre

For alle besøkande gjeld følgjande reglar:

  • Pårørande som har symptom på luftvegsinfeksjon skal ikkje kome på besøk
  • Gode rutinar for handvask før og etter besøk
  • Besøkande må halde minimum 1 meter avstand til andre bebuarar, besøkande og personalet
  • Personalet har høve til å vise vekk pårørande med symptom på luftvegsinfeksjon, eller som ikkje følgjer reglane for hygiene og avstand
  • Besøkande vert oppmoda om å melde i frå til avdelingsleiinga dersom dei får symptom på luftvegsinfeksjon dei første dagane etter besøket

Informasjon frå helsedirektoratet-besøk til pasientar og bebuarar

FHI sine tilrådingar-råd til sjukeheimar under koronapandemien