Sunnfjord kommune

Informasjon til brukarar pårørande om besøk i omsorgssentera og omsorgsbustadar gjeldande frå 21.04.2021

Informasjon til brukarar pårørande om besøk i omsorgssentera og omsorgsbustadar gjeldande frå 21.04.2021

Klikk for stort bilete Gregory Idehen Sunnfjord kommune føl nasjonale råd og tilrådingar. Det er eit aukande smittetrykk i enkelte område i landet. Det er difor fortsatt nødvendig å oppretthalde nokre besøksrestriksjonar.

Sunnfjord kommune følgjer nasjonale råd og tilrådingar

Institusjonsbebuarane i Sunnfjord kommune som er ferdig vaksinerte mot covid-19, vil ha redusert risiko for å utvikle sjukdom. Det er nokre brukarar/pasientar i institusjon som ikkje er vaksinerte. Vi gjer merksam på at vaksinen ikkje beskyttar heilt og fullt, men det er betydeleg mindre risiko for covid-19 etter vaksinasjon.

Det er eit høgt smittetrykk i enkelte område i landet. Det er difor fortsatt nødvendig å oppretthalde nokre besøksrestriksjonar.

Eigne besøksrutinar for Førde omsorgssenter korttid og Skei omsorgssenter rehabilitering

Førde omsorgssenter, korttid, og Skei omsorgssenter, rehabilitering, har stor sirkulasjon av pasientar/brukarar, og dermed fleire som ikkje er vaksinerte. Det er difor nødvendig å oppretthalde strengare besøksrestriksjonar ved desse einingane. Det er eigne retningsliner for desse einingane. 

Endringar

  • Vaksinerte pasientar/brukarar kan ha nærkontakt med nokre av sine nærmaste.
  • Ikkje-vaksinerte langtidsbebuarar bestemmer sjølv korleis dei vil ha besøket: om dei ønsker nærkontakt med sine pårørande, bruk av munnbind, kravet til avstand eller ikkje.
  • Vi tilrår at nærkontaktane vert avgrensa til 5 personar.
  • Fellesareal kan nyttast til besøk dersom det er mogleg å halde minst 1 meter avstand til andre.
  • Besøk i omsorgssenter bør vere avtalt på førehand.

Besøkande i omsorgssenter/institusjon

  • Besøk skal vere avtalt med leiinga/eininga på førehand.

Besøkstider

Førde omsorgssenter

Kl. 13.00 – 14.30

Kl. 16.00 – 18.30

Skei omsorgssenter

Kl. 13.00 – 14.30

Kl. 16.00 – 18.30

Sande omsorgssenter

Kl. 11.00 – 12.30

Kl. 16.00 – 18.30

Naustdal omsorgssenter

Kl. 11.00 – 12.30

Kl. 16.00 – 18.30

  • Besøkande som kjem frå/har vore på reise i Oslo- eller Viken områder, eller andre område med høgt smittepress, skal følgje smittevernråda for område med høgast smitterisiko
  • Besøkande som kjem frå desse områda skal vere symptomfrie for luftvegsinfeksjon og ha negativ covid-19 test som ikkje er eldre enn 72 timar
  • Besøkande vert oppmoda om å skrive seg inn i besøksprotokoll
  • Besøk kan skje i brukar/pasient sitt rom eller i fellesareal dersom kravet til avstand til andre kan haldast
  • Besøkande skal bruke munnbind ved opphald i fellesareal dersom kravet til avstand ikkje kan oppretthaldast
  • Reiser pasient/brukar på besøk utanfor institusjon, bør smitterisiko vurderast

Besøkande i omsorgsbustad

  • Omsorgsbustad er brukar sin private heim og bestemmer sjølv om vedkomande ønsker å ta i mot besøk
  • Brukar vert oppmoda om å følgje dei nasjonale retningslinene og avgrense tal besøkande til maks 5 personar på besøk samtidig. Det er tilrådd at det bør haldast minimum 1 meter avstand

For alle besøkande gjeld følgjande reglar:

  • Pårørande som har symptom på luftvegsinfeksjon skal ikkje kome på besøk
  • Gode rutinar for handvask før og etter besøk
  • Besøkande må halde regel om minimum 1 meter avstand til andre bebuarar, besøkande og personalet
  • Personalet har høve til å vise vekk pårørande med symptom på luftvegsinfeksjon, eller som ikkje følgjer reglane for hygiene og avstand
  • Besøkande vert oppmoda om å melde i frå til avdelingsleiinga dersom dei får symptom på luftvegsinfeksjon dei første dagane etter besøket

FHI - Smittevernråd ved besøk i kommunale helse- og omsorgsinstitusjonar

Helsedirektoratet sin vegleiar for besøk til pasientar og bebuarar