Sunnfjord kommune

Informasjon til brukarar og pårørande i heimetenesta

Informasjon til brukarar og pårørande i heimetenesta

Klikk for stort bilete Folkehelseinstituttet Vi førebur oss på ein situasjon der mange vil bli sjuke av koronaviruset. Her finn du informasjon som gjeld heimetenesta. 

Informasjon til brukarar og pårørande i heimetenesta

Vi vil så langt det er mogeleg tilby tenester som normalt, men når tal smitta aukar, vil vi få mangel på helsepersonell. Det betyr at omsorgstenesta vil måtte prioritere ressursane der det er størst behov og mot dei som vert alvorleg sjuke.

Endra tenester

Når vi får mangel på helsepersonell, kan det for deg bety at du får endra eller reduserte tenester i form av:

  • Færre tilsyn
  • Vi ringer i staden for å besøke deg
  • Du kan få besøk av pleiarar du ikkje kjenner så godt
  • Vi ringer og avlyser oppdrag på kort varsel
  • Tenester som ikkje er heilt naudsynte må utgå i ein periode, t.d. reinhald, vask av klede, tilsynsbesøk eller det kan gå lenger tid mellom kvar gong du får hjelp til dusj
  • Om det er oppgåver du eller pårørande kan ivareta sjølv i denne perioden, er det fint om du gir beskjed om dette
  • Det kan vere at vi må be pårørande som har mogelegheit til det, om å ta hand om sine eigne eldre sjølv i ein periode

Tiltak for å redusere spreiing av smitte

Vi følgjer generelle råd og informasjon frå Folkehelseinstituttet. For å skåne deg som brukar av tenestene og for å avgrense smitte, må du førebu deg på:

  • Vi ringer og høyrer om du vil ha oss på besøk før vi kjem inn i heimen
  • Vi held avstand når vi er på besøk og avgrensar tida vi er hos deg
  • Du må ha flytande handsåpe og eingongstørkepapir tilgjengeleg
  • Vi brukar smittevernutstyr når det trengst
  • Dersom du eller pårørande i same husstand får symptom på luftvegsinfeksjon (forkjøling, rennande nase, vond hals mv.), må du gje melding til heimetenesta straks! Slik kan vi både hjelpe deg, beskytte helsepersonell og hindre spreiing av smitte til andre heimar.

Kva du sjølv kan gjere for å unngå smitte:

  • Vask henda ofte og grundig med såpe og lunka vatn. Dei som besøker deg, må vaske henda når dei kjem
  • Unngå å handhelse og klemme
  • Host/nys inn i eit papirhandkle og hiv det i bosset etterpå, eller host/nys inn i olbogen om du ikkje har papirhandkle tilgjengeleg
  • Prøv å unngå å ta deg i ansiktet
  • Hald avstand på 2 meter til andre
  • Avgrens tal personar du har nær kontakt med, og får besøk av, til nokre få av gangen
  • Ta ikkje i mot besøk av nokon som har symptom på luftvegsinfeksjon (også lett forkjøling)

Har du behov for hjelp som ikkje er avtalt, så ringer du oss på vakttelefonen.