Sunnfjord kommune

Informasjon til bebuarar og pårørande i omsorgssentera

Informasjon til bebuarar og pårørande i omsorgssentera

Klikk for stort bileteSunnfjord kommune bur seg på ein situasjon der mange vil bli sjuke av koronaviruset.

Varsling om endring i tenestetilbodet

Vi vil så langt det er mogleg tilby tenester som normalt, men når tal smitta aukar, må mange av desse pasientane få behandling og hjelp frå kommunen. Sunnfjord kommune følger dei til ei kvar tid gjeldande nasjonale retningsliner.

Oppretting av eigne avdelingar for smitta pasientar og flytting av bebuarar

Vi har planlagt for å kunne opprette kohortavdelingar ved alle omsorgssentera i kommunen. Ei korhortavdeling er ei avdeling der vi samlar pasientar som har fått påvist koronavirus og som har behov for meir behandling og tettare oppfølging enn det vi kan gi dei heime, i omsorgsbustad eller i omsorgssenteret.

Desse avdelingane/romma og pasientane vil vere isolert frå resten av omsorgssentera. Det betyr også at dei vil ha eige personale som ikkje jobbar på andre avdelingar i denne perioden.

For å få på plass kohortavdelingar, kan det medføre at vi må flytte nokre av bebuarane på omsorgssentera i dag. Dei vert då flytta til andre rom. Det kan også skje at bebuarar må dele rom for ein periode.

Vi må også rekne med at det blir stort fråvær blant dei tilsette etter kvart som vi får fleire smitta i kommunen. Det kan då bli utfordrande å drifte avdelingane slik vi gjer i dag. Helsedirektoratet rår kommunane til å kartlegge om nokre av beburane våre mellombels kan bu hjå pårørande. Dersom dette blir aktuelt, vil de bli kontakta direkte.

Raske endringar 

Situasjonen endrar seg raskt, og vi må gjere ting på kort varsel. Vi ønsker derfor å varsle om at slike endringar kan skje.

Så langt det er mogleg skal vi prøve å løyse dette på best mogleg måte for alle bebuarane våre.

Spørsmål?

Ta kontakt med einingsleiaren på omsorgssenteret ditt om du har spørsmål.