Sunnfjord kommune

Informasjon om koronavaksinering

Informasjon om koronavaksinering

Klikk for stort biletePå Sunnfjord kommune sin vaksinekalender kan du som innbyggjar følgje med på kor langt vi er komne med vaksinasjon i dei ulike gruppene.

Så lenge ei gruppe er lysegrøn betyr det at vi endå ikkje er ferdige. Om ein endå ikkje er komen til den rosa streken, så betyr det at det framleis er personar i gruppa som ikkje har fått innkalling til første dose med vaksine. Mørkegrøn betyr at vi er ferdig med vaksinering.

Dei som får innkalling blir tilfeldig trekt ut av køen i helseboka. Det går ikkje etter alder innad i gruppa.

For å få tilbod om vaksine, må du registrere deg i vaksinekøen vår.

Er du eldre enn gruppa vi vaksinerer no, må du ringe 57 72 20 00 for å registrere deg, då vi ikkje kan gå tilbake til grupper vi har avslutta.

Registrer deg i vaksinekøen

Har du spørsmål så ta kontakt med oss på telefon 57 72 20 00