Sunnfjord kommune

Informasjon om besøk til Førde omsorgssenter, korttid, og Skei omsorgssenter, rehabilitering, gjeldande frå 25.03.2021

Informasjon om besøk til Førde omsorgssenter, korttid, og Skei omsorgssenter, rehabilitering, gjeldande frå 25.03.2021

Klikk for stort bilete Gregory Idehen Førde omsorgssenter, korttid, og Skei omsorgssenter, rehabilitering, har stor sirkulasjon av pasientar/brukarar, og dermed fleire som ikkje er vaksinerte. Det er difor nødvendig å oppretthalde strengare besøksrestriksjonar ved desse einingane.

Rutina gjeld inntil det kjem nye nasjonale eller lokale råd.   

  

Informasjon

Smittesituasjonen i Noreg kan utvikle seg raskt og kva område som har auka smitte med covid-19 vil kunne endre seg. Det er auka smitte, spesielt i Oslo- og Viken regionen, og det er kome nye tilrådingar frå Regjeringa. Vi må gjere det vi kan for å unngå at pasientar/brukarar i omsorgssentera vert utsette for smitte.

Sunnfjord kommune føl nasjonale råd og tilrådingar.

Besøkande i omsorgssenter/institusjon

  • Besøk skal vere avtalt med leiinga på førehand
  • Det er innført besøkstid: kl. 13.00-14.30 og kl. 16.00-18.30
  • Besøkande går direkte til pasienten sitt rom og kan ikkje opphalde seg i fellesareal
  • Besøkande skal bruke munnbind når dei er på besøk.
  • Pårørande som har vore på reise i Oslo-Viken regionen, eller andre område med høgt smittepress,  kan ikkje komme på besøk i omsorgssenteret før 10 dagar etter heimkomst
  • Besøkande vert oppmoda om å skrive seg inn i besøksprotokoll
  • Reiser pasient/brukar på besøk utanfor institusjon, bør det avgrensast til eit minimum og kun skje etter vurdering av smitterisiko.

Pårørande som bur i Oslo, eller andre område med høgt smittepress, kan få dispensasjon til å besøke alvorleg sjuke og døyande pasientar dersom:

  • Dei er friske, utan symptom på luftvegsinfeksjon
  • Har negativ covid-19 test som ikkje er eldre enn 3 døgn
  • Er kjend med gjeldande smittevernreglar og følgjer desse

NB! Det er kommuneoverlege eller kommunalsjef som kan gje dispensasjon. 

For alle besøkande gjeld følgjande reglar: 

  • Pårørande som har symptom på luftvegsinfeksjon skal ikkje kome på besøk
  • Gode rutinar for handvask før og etter besøk
  • Besøkande må halde kravet om minimum 1 meter avstand; direkte fysisk kontakt kan vurderast, men nær ansikt-til-ansikt-kontakt bør unngåast. Om det skjer, er det viktig med god handhygiene etterpå.
  • Besøkande skal halde 2 meter avstand til andre brukarar og til personalet
  • Personalet har høve til å vise vekk pårørande med symptom på luftvegsinfeksjon, eller som ikkje følgjer reglane for hygiene og avstand
  • Besøkande vert oppmoda om å melde i frå til avdelingsleiinga dersom dei får symptom på luftvegsinfeksjon dei første dagane etter besøket

Informasjon frå helsedirektoratet

FHI sine tilrådingar