Sunnfjord kommune

Informasjon om 3. dose koronavaksine til personar med nedsett immunforsvar i Sunnfjord kommune

Informasjon om 3. dose koronavaksine til personar med nedsett immunforsvar i Sunnfjord kommune

Illustrasjon v/ Gregory Idehen For å få 3. dose må det dokumenterast at ein tilhøyrer dei utvalde gruppene med alvorleg nedsett immunforsvar. Spesialisthelsetenesta er hovudansvarleg for dette, og pasientane dette gjeld vil motta eit brev frå sjukehuset som dei skal ta med seg til kommunen når dei skal møte opp til vaksinasjon.
Dette brevet vert tidlegast sendt ut frå sjukehuset 24. september.  

Alternative måtar å dokumentere at ein tilhøyrer ei pasientgruppe som kan motta tredje dose

Gruppe 1

  • Organtransplanterte, beinmargstransplantasjon siste 2 åra, eller ein pågåande graft versus host- sjukdom som krev immunsuppresjon
  • alvorleg og moderat primær immunsvikt
  • aktiv dialysebehandling og pasienter med kronisk nyresvikt stadium 5
  • avansert eller ubehandla HIV-infeksjon

Alle som har ein diagnose, jamfør lista for gruppe 1, kan syne fram notat frå sjukehus der det går fram kva diagnose ein har, dersom ein ynskjer vaksine før brev frå sjukehuset er motteke.

Gruppe 2

  •  Pasientar med pågåande betydeleg immundempande behandling av annan årsak:
    Dersom ein nytter immundempande medisin som står på lista frå dei fagmedisinske miljøa kan ein ta med seg dokumentasjon på medisinbruk i form av journalnotat, resept /e-resept eller medikamentpakning der eige namn går fram på pakken.
     
  • Kreftpasienter med aktiv eller nyleg gjennomgått immundempande behandling:
    Desse må vente på brev frå spesialisthelsetenesta då det må gjerast ei individuell vurdering for å få best effekt av vaksinen og unngå unødvendige biverknader
     
  • Pasienter som av ansvarleg sjukehusspesialist vert vurdert å ha svært nedsett immunforsvar og som ikkje inngår i ei av gruppene ovanfor:
    Desse må og vente på brev frå spesialisthelsetenesta av same årsak

Praktisk gjennomføring

Dei som er i pasientgruppe som er tilrådd å ta ein 3. vaksinedose melder frå om dei ynskjer vaksine til kommunen via trude.erdal@sunnfjord.kommune.no eller telefon til 577 22 000. Dokumentasjon på vaksinebehovet tar ein med seg til vaksinasjonstimen ein då får tildelt. Vaksinasjon vil primært føregå på Førdehuset.