Sunnfjord kommune

Influensavaksine hausten 2020

Influensavaksine hausten 2020

Klikk for stort bilete Folkehelseinstituttet Her finn du informasjon om årets vaksinering mot sesonginfluensa i Sunnfjord kommune. 

Vaksinering mot sesonginfluensa

Vaksinering mot sesonginfluensa er viktig for å redusere risiko for alvorleg sjukdom og død relatert til denne infeksjonen. Det er personer som er i risikogruppene for slik alvorleg utkomme av influensa, som er dei mest sentrale å få vaksinert mot sesonginfluensa. Vi gjer merksam på at influensavaksine ikkje har nokon effekt med tanke på korona-infeksjon. Ut november er det følgande målgrupper som kan få influensavaksine:     

  • Risikogrupper:
    • Gravide i 2. og 3. trimester, og gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko 
    • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheim
    • Alle frå fylte 65 år
    • Barn og vaksne med:
      • diabetes type 1 og 2
      • kronisk lungesjukdom, hjarte- og karsjukdom, leversvikt eller nyresvikt
      • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
      • nedsett immunforsvar som følge av sjukdom eller behandling av sjukdom (f.eks. kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdomar)
      • særs alvorleg fedme (KMI over 40)
      • anna alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege
  • Helsepersonell som har pasientkontakt
  • Personer som bur saman med pasientar som har alvorleg nedsett immunforsvar
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande gris

Personer som ikkje tilhøyrer desse gruppene, vert ikkje prioritert for vaksine før frå 1. desember. For personer i målgruppa er sjølve vaksina gratis, medan det er ein eigenandel på kroner 50 for å få satt vaksina. For dei som har frikort er det ingen kostnad. For helsearbeidarar vert alle utgifter ved vaksinering dekt av arbeidsgivar.  

Personer over 65 år som bur på kommunal institusjon eller i kommunal omsorgsbustad skal denne hausten ha ein eigen, forsterka vaksine som heiter Fluad. Desse personane skal IKKJE ha den vanlege influensavaksina (Vaxigriptetra). Fluad vert levert kring midten av desember, og det vil bli organisert frå kommunen at desse får vaksina raskt etter at den er mottatt i kommunen.

Vaxigriptetra er den ordinære influensavaksina for målgruppa. Denne kan gjevast til born eldre enn 6 månader. Born som er < 9 år og som ikkje tidlegare er vaksinert mot influensa skal ha ein dose nr 2 etter 4 veker. Dersom ein tidlegare er vaksinert mot influensa, og uansett for alle som er 9 år og eldre, held det med ein dose.

Informasjon frå kvart legekontor om lokal utføring

Førde Legesenter:

Pasientar som har time hos fastlege kan få satt vaksine under legekonsultasjon. Det vil óg vere mogleg å få  vaksina  ved Førde Legesenter på dagtid. Det blir av smitteomsyn i år ikkje drop-in time ved Førde Legesenter. Det var sett opp vaksinasjonskveldar 2. 3. og 19. november i Førdehuset. 

Jølster Legekontor:

  • Jølster Legekontor ønsker at pasienter bestiller time til vaksinasjon per telefon. Dersom pasientar har legetime i aktuell periode, kan legen sette vaksinasjon i denne timen. 
  • For risikopasientar tilrår vi vaksinasjon hos fastlege.

Naustdal Legekontor:

  • Ved Naustdal Legesenter ønskjer vi at pasientar bestiller time for vaksinering pr. telefon 57 81 60 20.
  • Det vert sett av tidsrom for vaksinasjon på dagtid der du får tildelt time.
  • Dersom pasientar har time hos fastlege i aktuelle periode kan vaksine settast ved denne konsultasjonen.

Sande Legekontor:

  • Ved Sande Legesenter må  pasientar bestiller time for vaksinering pr. telefon 57 71 82 40. Ingen Drop in.
  • Har du legetime kan vaksine settes ved konsultasjonen.
  • Det vert satt av time til vaksinering på gitte tidspunkt på dagtid.