Sunnfjord kommune

Høyring/offentleg etterssyn – forslag om nedlegging av kommunal veg nr 90051 - Ramsdalsheivegen

Høyring/offentleg etterssyn – forslag om nedlegging av kommunal veg nr 90051 - Ramsdalsheivegen

Kart-Ramsdalsheivegen - Klikk for stort bileteForslag om nedlegging av kommunal veg nr 90051 - Ramsdalsheivegen.
Høyringsperioden er 16.06.– 27.08.2022

Kort om planen

Utval for samfunn, kultur og næring gjorde fylgjande vedtak i Saknr. 22/4849

Kommunal veg nr 9051 - Ramsdalsheivegen, vert føreslått lagt ned og overført til grunneigarar. Tunellen på Ramsdalsheia vert vurdert lagt ned og stengt fysisk slik at det ikkje er mogleg med ferdsel der.

Saka vert sendt på offentleg ettersyn og høyring i 6 veker.»

Grunna sommarferie vert utleggingsperioden frå 16.06.2022 – 27.08.2022., og innspel/merknadsfristen vert sett til 27.08.2022.

Sjå viktige dokument i saka

Sei di meining innan 27.august

Kommunen inviterer innbyggarar og andre aktørar til å seie si meining i høve forslaget om å legge ned kommunal veg nr 9051. Fristen for å sende inn innspel er 27. august 2022.

Du får ikkje svar på innspelet ditt, men alle innspel blir lagt ved i den vidare saksbehandlinga. Innspel som blir sendt inn blir offentleg tilgjengelige på nettsida, med mindre dei inneheld sensitive data. Bruker du e-post, vil e-postadressa di bli offentlig tilgjengelig.

Slik sender du innspel

Du kan sende innspel i elektronisk i skjema:

Send innspel til 22/4849

Saksdokumenta er tilgjengelege på Sunnfjord kommune si nettside under aktuelle saker, der du og kan sende inn ditt høyringssvar.

Du kan også sende innspel i post eller på e-post, då må du merke saka med saksnummer: 22/4849.

Har du spørsmål?

Du kan sende epost til Jan-Inge Hage om det er noko du lurer på.