Høyring Hundsåna kraftverk, Selsvatnet og Selselva kraftverk

Høyring av søknad om å få byggje Hundsåna kraftverk og søknad om å regulere Selsvatnet og auke slukeevna i Selselva kraftverk i Sunnfjord og Askvoll kommunar, Vestland fylke.

NVE har fått to søknadar i Sunnfjord og Askvoll kommunar, Vestland fylke.

Selselva Kraft AS

Selselva Kraft AS søkjer om løyve etter vassressurslova til å regulere Selsvannet mellom LRV på kote
840 og HRV på kote 841, og til å auke slukeevna i Selselva kraftverk til 1,3 m3/s. Tiltaket vil i eit medels
år auke produksjonen i Selselva kraftverk med 3,3 GWh.

Hywer AS søkjer om løyve etter vassressurslova til å byggje Hundsåna kraftverk i Hundsåna.
Småkraftverket vil gje ein årleg kraftproduksjon på 9,4 GWh. Dette svarar til straumbruken til om lag
470 husstandar.

Dokument

Søknadane med alle vedlegg blir lagt ut på NVE sine nettsider:


Hundsåna kraftverk


Selselva kraftverk

Send fråsegn innan 19.april

Alle som har meiningar om sakene kan sende fråsegn. Fråsegn kan sendast oss elektronisk via nettsida i saka,

E-post til uttalelse@nve.no

Merk e-post med «Høyringsfråsegn» og saksnummer 202222167 for Hundsåna eller 202205918 for Selselva i emnefeltet) 

Post til: 

NVE, Konsesjonsavdelinga, Postboks 5091 Majorstua, 0301 Oslo innan 19.04.2024.

Frist for å sende fråseg er 19. april 2024