Sunnfjord kommune

Høyring av besøksstrategi for Jostedalsbreen nasjonalpark

Høyring av besøksstrategi for Jostedalsbreen nasjonalpark

Nasjonalparken - Klikk for stort bileteNasjonalparken Solfrid Trå Jostedalsbreen nasjonalparkstyre legg med dette Besøksstrategi for Jostedalsbreen nasjonalpark ut til høyring.

Har du innspel til korleis det kan leggjast til rette for fastbuande og besøkande, friluftsliv og lokal verdiskaping, samstundes som ein tek vare på natur- og kulturverdiane i Jostedalsbreen nasjonalpark? Jostedalsbreen nasjonalparkstyre vonar du vil sende inn dine innspel til høyringa av besøksstrategien.

Innspel sendast til:

Jostedalsbreen nasjonalparkstyre på e-post: sfvlpost@statsforvalteren.no.

Merk innspelet med «Merknad besøksstrategi Jostedalsbreen nasjonalpark».

 

Frist for innspel:

  •  1. september 2021

 

Les meir om besøksstrategien og sjå høyringsutkast her