Sunnfjord kommune

Haust-dugnad på laksen 20. september klokka 17.00–19.00

Haust-dugnad på laksen 20. september klokka 17.00–19.00

Skulpturen Laksen på Festplassen i Førde treng haustpuss, og vi vonar du vil vere med!

Velkomen til laksen-dugnad

Ta med deg enkel hagereiskap som planteskei / krafse / trekanthakke, og gjerne ei bøtte å samle ugras i.
Kommunen stiller med motorljå og hengar som vi kan samle ugraset opp i. Ugraset blir køyrt vekk dagen etter.

«Laksen» av kunstnaren Jørn Rønnau er ein av Norges største landskapsskulpturar. Den var oppført i 1989 med god hjelp av engasjerte små og store innbyggarar i dåverande Førde kommune.