Sunnfjord kommune

Grill´n chillveka 10. - 14. august 2020

Grill´n chillveka 10. - 14. august 2020

Klikk for stort bileteVi ønsker ungdom mellom 13 og 19 år velkommen til ulike aktivitetar 10.–14. august. 

Program for Grill´n chillveka 

Denne veka blir det litt grill, mykje chill, sport, kreative aktivitetar, leik og moro. Nokre aktivitetar krev påmelding, så hiv deg rundt og meld deg på. Programmet kan endre seg i løpet av sommaren så følg med på arrangementet via Facebook, der vil endringane bli oppdatert. 

Måndag 10. august

12.00–15.00: Aktivitetsdag i Hafstadparken

17.00–19.00: Danseworkshop med dansegruppa Karma på Løa
Maks 15 personar, minimum 5 personar. Påmeldingsfrist 7. august. 

Meld deg på her til danseworkshop

Tysdag 11. august

12.00–ca. 16.00: Paintball med Gaular paintballklubb. Maks 24 personar. 

Pris: 200 kroner per person (400 skudd, alt utstyr inkludert)

Gratis transport til bana på Skilbrei. 

Meld deg på her til paintball

18.30: Gratis kino i Førdehuset
"Alle utlendingar har lukka gardin"

Onsdag 12. august 

13.00–15.00: Bowling
Gratis, ingen påmelding. Møt opp ved Førde bowlinghall. 

Torsdag 13. august

12.00–15.00: Sandvolleyballhall på Vie

  • Klatring med DNT ung
  • Sandvolleyaktivitet m/Førde Volleyball

Maks 30 personar, minimum 8 personar. Du treng ikkje forkunnskap.
Transport fram og tilbake frå Førde sentrum. Oppmøte Firda Billag 11.45.

Påmeldingsfrist: 12. august

Meld deg på aktivitet i sandvolleyballhall

Fredag 14. august

14.00–16.00: Grilling/bli kjent på ungdomsklubben Løa.

  • Ulike konkurransar, bordtennis, biljard
  • Prøv bandrommet
  • Gaming, playstation, switch
  • Hygge og sosialt fellesskap

Har du spørsmål?

Ta kontakt med: 

  • Tove Nedrebø, utekontakt i Sunnfjord kommune, tlf. 415 309 13
  • Camilla Søvik, frisklivskoordinator i Sunnfjord kommune, tlf. 476 88 025
  • Kari Valle, driftskoordinator i Sunnfjord kommune, tlf. 476 88 025

Om arrangementet

Smittevernreglane vert følgt på alle arrangementa, men det er særs viktig at du held deg heime om du er sjuk. 

Veka er eit samarbeid mellom ulike etatar i Sunnfjord kommune og lag og organisasjonar. Vi ønsker at ungdom skal få kjennskap til kva aktivitetar som finst i kommunen. Gjennom tilskot frå Gjensidigestiftelsen har vi mulighet å tilby desse flotte aktivitetane.