Sunnfjord kommune

Fristar for spreiing av husdyrgjødsel

Fristar for spreiing av husdyrgjødsel

Klikk for stort bileteSunnfjord kommune vedtok 25. mars å innføre lokal forskrift om spreiing av gjødselvarer. Reglane for spreiing etter 1. september er endra og delvis innskjerpa.

Minst 6 meter gjødslingsfri sone

Ved all spreiing etter 1. september skal det vere att ei sone som ikkje vert gjødsla på minimum 6 meter mot sjø, vann, elver, bekkar, kanalar og opne kummer. I tillegg gjeld dei vanlege krava til kantsoner i anna regelverk.

Forbod mot all spreiing etter 1. september i prioriterte område

I område med alvorleg forureining eller fare for alvorleg forureining er det forbode med all spreiing etter 1. september, med og utan nedmolding/nedfelling.

I 2021 gjeld dette følgjande vassførekomstar:

 

  • Redalselva
  • Løfallselva (Sande)
  • Løyken (Lunde-Alvera)
  • Langelandsvatnet-Skilbreivatnet-Espelandsvatnet
  • Vassenden (Bygstad)
  • Digrenesvatnet
  • Sagelva (Sundsdalen)
  • Storegrova (Eikås)
  • Fuglevatnet-Håheimsvatnet mfl. (Skei)

Vassførekomstane er prioritert ut i frå ei samla vurdering av økologisk tilstand, graden av påverknad, fysiske eigenskapar, brukarinteresser og naturverdiar.

Sjå kart for aktuelle nedbørfelt (PDF, 3 MB)