Sunnfjord kommune

Forseinka fakturering for kommunale gebyr og eiegdomsskatt

Forseinka fakturering for kommunale gebyr og eiegdomsskatt

Klikk for stort biletePå grunn av omlegging til ny kommune vil første faktura for kommunale gebyr og eigedomsskatt bli forseinka. Vi sender ut faktura 20. februar med betalingsfrist 15. mars 2020

Kommunale gebyr og eigedomsskatt 1. termin 2020

Det er ein stor jobb å få alle eigedomane frå dei fire tidlegare kommunane lagt over på ny kommune. I tillegg er det endringar i prisar og utrekningsmodell. Difor vil utsending av faktura skje seinare enn vanleg for første termin i 2020. 

Konsekvensar for deg 

Forseinkinga gir ingen andre konsekvensar for deg enn at det kan bli tettare forfall med andre fakturaer du har. 

Faktura for andre termin vil bli sendt ut som vanleg, med betalingsfrist 15. mai.