Førebyggande plan for barn og unge – høyring

Viser til vedtak i Utvalet for helse og omsorg 13.03.24 om å leggje ut «Førebyggande plan for barn og unge 2024-2030» på høyring i perioden 14.03.24–21.04.24.

Kort om planen

«Saman om EIN god oppvekst» er kommunen sin førebyggande plan for barn og unge. Den presenterer kommunen sine helsefremmande og førebyggande tiltak ovanfor gravide, barn og unge og deira familiar.

Planen skal bidra til

  • å sette rammer for det helsefremmande og førebyggande arbeidet
  • å synleggjere eksisterande tilbod
  • å vere grunnlag for videre utvikling av det helsefremmande og førebyggande arbeidet i kommunen

Sjå førebyggande plan for barn og unge 2024–2030 (PDF, 2 MB)

Sei di meining innan 21. april 2024

Kommunen inviterer innbyggarar og andre aktørar til å seie si meining om planen. Fristen for å sende inn innspel er 21. april.

Du får ikkje svar på innspelet ditt, men alle innspel blir lagt ved i den vidare saksbehandlinga. Innspel som blir sendt inn blir offentleg tilgjengelege på nettsida, med mindre dei inneheld sensitive data. Brukar du e-post, vil e-postadressa di bli offentleg tilgjengeleg.

Slik sender du innspel

Du kan sende innspel i elektronisk i skjema:

Send innspel til 24/3138

Du kan også sende innspel i post eller på e-post, då må du merke saka med saksnummer: 24/3138

Sjå innkomne innspel og dokument i saka

Her finn du alle dokument som er arkivert i denne saka. Du finn også innspela som er sendt inn.

Kontakt

Lillian Vassbotten
Utviklingskoordinator barn og unge
E-post
Telefon 57 61 27 50