Sunnfjord kommune

Førde bibliotek stengt frå 20. november til 31. desember 2022

Førde bibliotek stengt frå 20. november til 31. desember 2022

Førde bibliotek vil oppgradere lokala for å bli meirope bibliotek. Det vil kome ny inngangsdør, nye automatar og ny skranke. Hyllene vert flytta slik at det vert meir oversiktleg og lett å finne fram.
I tillegg vert det nye fargar og det vil kome nokre etterlengta nye møblar!

Meirope bibliotek

Meirope biliotek betyr at du kan bruka biblioteket også før og etter betjent opningstid.  Alle over 15 år som som har signert meiropekontrakt med biblioteket kan oppgraderer lånekortet til nøkkelkort og få nøkkelfunksjon på korta sine.

På eit meirope bibliotek kan du:

  • låne 
  • levere 
  • fornye lån
  • nytte lokala 
  • hente reserverte bøker

Prosjektet fører til at biblioteket må stenge i perioden 20. november - 31. desember for å gjennomføre endringane. I denne perioden vert det ikkje mogeleg å besøke biblioteket eller låne bøker. 

Utlån, innlevering og reservering

Vi vil i denne perioden oppmode lånarane ved Førde bibliotek til å nytte dei 5 andre flotte biblioteka vi har i kommunen vår!  Reservert materiale og fjernlånte bøker kan i denne perioden hentast på valfritt bibliotek i kommunen. Bøker som ein ynskjer å levere attende til biblioteket i denne perioden kan leggast i bokkasse utanfor biblioteket i Førde eller på eit anna bibliotek.

Meiropne bibliotek i Sunnfjord  kommune har utlåns- og innleveringsautomatar, så det er viktig å ta med lånekort eller laste ned appen Bibliofil, der du også har kortet ditt!