Sunnfjord kommune

Fjordhest NM 2022 på Mo

Fjordhest NM 2022 på Mo

Under høgtideleg seremoni fekk varaordførar Anne Lilleaasen gleda av å ønskje velkommen til Fjordhest NM 2022 den 4. juli på Mo i Førde.
Stemne går av stabelen med nær 100 ekvipasjar denne veka, der 15 av 17 krinsar frå heile landet er representert. Det blir konkurrert i greinene dressur, sprang og køyring fram tom laurdag 9. juli.

Fjordhesten er rekna for Noregs nasjonalhest og framleis ein viktig del av det kulturelle mangfaldet spesielt i området vårt. Gjennom denne typen arrangement får fjordhesten vise dei mange bruksområda sine gjennom ulike konkurransedisiplinar. 

NM i Fjordhest vart arrangert første gong i 1986, også i Førde. No er det 6. gongen klubbane arrangera NM så dei er reine veteranar å rekne.
Med åra har Fjordhest NM vorte meir og meir populært og arrangementet har fått stor geografisk bredde og høg status i fjordhestemiljøa. 
Dette flotte arrangementet er leidd av stemneleiarane Karoline Thingnes, leiar for Sunnfjord Hestesportlag og Harald Løtuft, leiar i Sunnfjord Fjordhestlag. 
Kusken Gunnar Bruland fekk leie an prosesjonen med den 21 årige fjordingen Vies Marikken.

Eit så stort arrangement som dette gjer seg ikkje åleine. Det er lagt ned tusenvis av dugnadstimar frå medlemmer i dei lokale klubbane og dessutan frå hestefolk i nabokommunar. Det er kjekt å sjå den store velviljen og dugnadsengasjementet.
Næringslivet og det offentlege har gitt viktige økonomiske bidrag, både lokalt og regionalt. Sunnfjord kommune v/idrett og kultur har støtta prosjektet med kr. 50.000.
Stor APPLAUS for arrangørane og alle som har bidrege til Fjordhest NM 2022