Sunnfjord kommune

Fellingskvoter for villrein 2021

Fellingskvoter for villrein 2021

Klikk for stort bileteVillreinnemnda for Sogn og Fjordane hadde møte 13. april , og gjorde vedtak om fellingsløyve for villrein.

Områder med fellingskvoter for villrein i Sunnfjord kommune

 

SUNNFJORD VILLREINOMRÅDE

Med heimel i Forskrift om forvaltning av hjortevilt § 28 fastset villreinnemnda fellingskvoten for Sunnfjord villreinområde til 3 løyver for jakta 2021. Løyva skal fordelast jfr. § 29 slik: fritt løyve: 1, simle/ungdyr: 2.


FØRDEFJELLA VILLREINOMRÅDE

Med heimel i Forskrift om forvaltning av hjortevilt § 28 fastset villreinnemnda fellingskvoten for Førdefjella villreinområde til 10 løyver for jakta 2021. Jfr. § 29, vert løyva tildelt som frie løyver, uttaket skal følgje fordelinga på kjønn og alder i bestandsplanen, det vil seie 20% vaksen bukk (2 dyr), 40% simle eller ungdyr (4 dyr), 40% kalv (4 dyr).

 

Informasjonsskriv frå villreinnemnda for Sogn og fjordane (PDF, 92 kB)