Sunnfjord kommune

Faktura for kommunale gebyr

Faktura for kommunale gebyr

Klikk for stort bileteDu får faktura fire gonger i året som gjeld kommunale gebyr. Vi får ofte spørsmål om utrekningane og prøver her å svare på nokre av dei vanlegaste spørsmåla. 

Om kommunale gebyr i Sunnfjord kommune

  • Du får tilsendt faktura fire gongar i året, med forfall 15. mars (15. april i 2020), 15. mai (15. juni i 2020), 15. august og 15. november. 
  • Alle gebyr er no fordelt likt utover terminane, slik at du får same beløpet på kvar faktura.
  • Dersom du har vassmålar, vil du no bli fakturert akonto. Dette betyr at du betalar eit berekna gebyr kvar termin, basert på tidlegare forbruk. I desember les du av målaren, og på første faktura året etter får du eit oppgjer. 

No blir det lettare å få innsyn i dine fakturaer.

Du kan no logge deg inn via "Min side" og få innsyn i dine fakturarer. Du kan også be om betalingsutsetting digitalt. 

Kommunen distribuerer faktura på:

  • Avtalegiro: Du må opprette ny avtale i nettbanken/banken med Sunnfjord kommune. Avtalane du har hatt med Førde, Jølster, Gaular og Naustdal gjeld ikkje lenger.  
  • eFaktura: Har du sagt "ja-takk" til å få alle fakturaene elektronisk vil du få den nye fakturaen elektronisk automatisk. Her blir det ingen endring. 
  • Vipps: Har du slått på at du vil ha rekningane dine i Vipps vil fakturaen frå Sunnfjord kommune òg kome her som før. 
  • Digipost: Dersom du ikkje har avtale om eFaktura eller Avtalegiro med Sunnfjord kommune, kan du motta faktura i digital postkasse som Digipost eller eBoks. 
  • Faktura i postkasse: Dersom du ikkje har registrert Avtalegiro, eFaktura eller digital postkasse med Sunnfjord kommune, vil du få fakturaen i postkassa på same måte som tidlegare.

 Mange spør om dette

Kommunale avgifter

 Sjå prisbok 2020 for oppdaterte prisar. 

Har du spørsmål om kommunale gebyr?

Send e-post til: avgiftsomrade@sunnfjord.kommune.no eller ring tenestetorga på telefon 57 72 20 00. 

Politiske saker om kommunale gebyr

Alt om prisar og urekningsmodell for kommunale gebyr har vore oppe til politisk behandling i kommunestyret i Sunnfjord kommune.

Om eigedomsskatten

Vi sendte ut ein skattesetel rundt 1. mars 2020. Der står det kor mykje du skal betale i eigedomsskatt. Her kan du lese meir om eigedomsskatten.