Sunnfjord kommune

Fagdag for kommunestyret 16. januar - Førdepakken

Fagdag for kommunestyret 16. januar - Førdepakken

Klikk for stort bilete Illustratør: Gregory Idehen

Torsdag 16. januar er det møte i Sunnfjord kommunestyre:

Møtestad: Møterom Sunnfjord - Sunnfjord rådhus
Møtetid: 12.30
Innkalling og sakliste

Du kan følge møtet direkte via. NettTV

Kommunestyremøtet 16. januar er lagt opp som ein fagdag med Førdepakken som tema. Førdepakken er eit samarbeidsprosjekt mellom Statens vegvesen, Vestland Fylkeskommune og Sunnfjord kommune. Representantar frå Statens vegvesen og fylkeskommunen vil vere med på fagdagen.

Program: 

  • 12:30 - 12:50 Bakgrunnen for Førdepakken - Prosessen fram til stortingsvedtaket v/Vigdis Lobenz, SK
  • 12:50 - 13:00 Organisering av Førdepakken v/Erling Varlid, Svv
  • 13:00 - 13:45 Gjennomgang av alle 20 prosjekta v/Erling Varlid, Svv
  • 13:45 - 14:00 Pause  
  • 14:00 - 14:20 Konsekvensar av Førdepakken for byutvikling - Rekkefølgjekrav Fjellvegen, Hafstad, Indre Øyrane og Storehagen v/Odd Harry Strømsli, SK
  • 14:20 - 14:40 Ny E39 forbi Førde - Kvifor er ikkje E39 med i Førdepakken? v/Erling Varlid, Svv
  • 14:40 - 14:55 Pause  
  • 14:55 - 15:30 Bompengar - Inntektsida til Førdepakken: Endring i takster og endring av innhald i bompakken, kva er mogeleg og kva er vanskeleg? v/Kaisa Banne, Svv
  • 15:30 - 15:45 Pause  
  • 15:45 - 16:00 Nye Statens vegvesen - Ny organisering av byggherrefunksjonen i Statens vegvesen v/Kjartan Hove, Svv
  • 16:00 - 16:15 Vestland fylkeskommune, veg og infrastruktur - Nye oppgåver og roller for infrastruktur og veg v/Dina Lefdal, VLFK