Fagdag digitale helsetjenester

Fagdag om digitale helsetenester - digital heimeoppfølging, velferdsteknologi og digital inkludering

  • Dato; 12.mars kl 09.00 - 15.30
  • Stad, Thon hotel Jølster, Skei.

Utgangspunktet for fagdagen er oppsummering av fleirårlege utviklingsarbeid innan digital heimeoppfølging, velferdsteknologi og digital inkludering. Samstundes skal vi vidareutvikle tilboda innan digitale helsetenester.

Sunnfjord kommune har i fleire år gjennomført nasjonale oppdrag frå Helsedirektoratet for spreiing av digital heimeoppfølging, velferdsteknologi til personar med nedsett funksjonsevne og digital inkludering. Oppdraget er utført i samarbeid med fleire andre kommunar, sjukehus, utdanningar, brukarorganisasjonar og næringsliv. Målgruppa for denne fagdagen er dei som har vore involverte i dei ulike prosjekta og personar/instansar som kjem til å arbeide vidare med temaa. Vi vil få fram kva erfaringar og resultat som er oppnådd, og korleis vi vil arbeide vidare på området.

Sjå programmet her (PDF, 420 kB)

Invitasjonen går til

  • Prosjektdeltakarar i Helse Førde og alle kommunar i nedslagsfeltet
  • Prosjektdeltakarar i Helse Fonna/Ullensvang/Kvinnherad kommunar
  • Prosjektdeltakarar i prosjekt velferdsteknologi til personar med nedsett funksjonsevne
  • Vestlandsforsking
  • Høgskulen på Vestlandet
  • Helse Vest
  • Brukarorganisasjonar
  • Utdanningane v/Hvl, VID, fagskulen, vdg skule
  • Fylkeskommunen
  • IKT nettverk
  • Næringsklynger
  • Statsforvaltaren
     

Om du ser at andre kollegaer kan vere aktuelle deltakarar, så vennlegast send invitasjonen vidare. Arrangementet vil gå føre seg på Thon hotell Jølster på Skei. Vi har reservert overnattingskapasitet på hotellet for dei som har behov for det.

Påmelding innan 20. februar

Påmelding må skje på eige skjema. Vi ber om påmelding innan 20. februar 2025 for at vi skal få oversikt så tidleg som mogleg.

Deltaking på seminaret vil vere gratis. Vi dekker reise og opphaldsutgifter for dei som har vore involvert i tidlegare e-helse Vestland sine prosjekt. Andre må sjølv dekke reise/ opphald. Vi har avtalepris med hotellet på kr 1195,-

Påmelding 

Spørsmål

For eventuelle spørsmål eller avklaringar, ta kontakt med ein av oss