Sunnfjord kommune

Er du student og treng koronavaksine?

Er du student og treng koronavaksine?

Alle studentar i Sunnfjord kommune som er folkeregistrert i andre kommunar, kan få koronavaksine i Sunnfjord kommune om dei ynskjer det. Det gjeld primært dose 2.

 

Det du som student må gjere:

  • Gå inn på Sunnfjord kommune si heimeside og registrer deg ved å trykke på knappen «Vaksineregistrering» øvst på sida
  • Send e-post til: postmottak@sunnfjord.kommune.no når du har registrert deg, med følgjande innhald:
    • Namn
    • Fødselsdato
    • Dato for dose 1
    • Namn på kommunen du fekk dose 1 frå

 

Det er viktig at du som student takkar nei til tilbod om dose 2 frå heimkommunen din, dersom du vel å få dose 2 hos oss.

FHI oppfordrar alle studentar til å nytte seg av tilbod om 1. dose koronavaksine i heimkommunen sin, sjølv om det betyr at ein må reise.