Sunnfjord kommune

Er du 45 år eller eldre og ynskjer 3. dose, eller har du ikkje tatt 1. dose enno?

Er du 45 år eller eldre og ynskjer 3. dose, eller har du ikkje tatt 1. dose enno?

Har det gått minimum 20 veker sidan du fekk din 2. dose? Då ber vi deg no melde deg til vaksinasjon via kommunen si heimeside. Slik «booster-dose» har synt seg effektiv for å redusere risiko for alvorleg sjukdom og død.
 

Har du ikkje tatt koronavaksine enno?

Vi vil på det sterkaste oppmode dei som enno ikkje har tatt sin 1. dose, om å melde seg til vaksinasjon eller berre møte opp på ein av vaksinasjonsdagane våre. Er du usikker på dette med vaksinasjon, snakk med fastlegen din!

Registrer deg og bestill vaksinetime

Vi går no inn i ein del av pandemien som vil medføre heilt andre smittetal enn vi så langt har vore vande med. Dette er på mange måtar positivt, då det no er ein god vaksinasjonsdekning i befolkninga som beskytter mot alvorlege konsekvensar av infeksjonen. At infeksjonen vert utbreidd er utgangen av pandemien, og vil sikre ein god immunitet i befolkninga.