Sunnfjord kommune

Endra rutinar ved omsorgsbustadane i Førde

Endra rutinar ved omsorgsbustadane i Førde

Klikk for stort bilete Folkehelseinstituttet Vi har hatt behov for å innføre nye rutinar for å hindre smittespreiing av koronavirus. Dette gjeld spesielt varelevering.  

Rutinar for å hindre smitte av koronavirus

Etter at Førde omsorgssenter vart stengt for besøkande i samband med koronapandemien, har dei tilsette fått fleire oppdrag med å klargjere/levere/hente brukarar ved utgangsdøra, samt motta varer for levering. På einskilde vakter er det 8-10 ekstra oppdrag per tilsett. Dette er oppgåver som kjem i tillegg til dei oppgåvene dei vanlegvis har.

Det er veldig positivt at de ønsker å ha kontakt med bebuarane våre og kan hjelpe dei med å handle varer. For at dei tilsette skal kunne handtere desse oppgåvene, samt redusere risiko for smitte, er vi nøydde til å innføre nokre rutinar for korleis og når dette kan skje.

Tiltak ved levering av varer

  • Ver merksam på at koronaviruset kan overleve ei stund på overflater.
  • Vurder om leveringa kan vente til seinare.
  • Det kan primært berre leverast heilt nødvendige varer (fortrinnsvis daglegvarer)
  • Dei som leverer varer, bør vere dei som vanlegvis handlar for bebuaren.
  • Avgrens varelevering til 1 gong per veke.
  • Ha god handhygiene når du skal levere varene (vask/desinfiser hendene).
  • Lever varene utanfor inngangsdøra til heimetenesta i Langebruvegen 34 (inngang heilt i enden av parkeringsplassen forbi Førde terapibasseng).

Varene kan leverast på følgjande tidspunkt

  • Måndagar: 12.00–12.30
  • Fredagar: 16.30–17.00

Ring heimetenesta på telefon 57 02 12 70 når du er utanfor dersom du ikkje ser nokon

Smittereduserande tiltak

Vi har ca. 60 omsorgsbustader på Førde omsorgssenter, samt sjukeheimsavdelingar med over 70 bebuarar. Her bur dei mest sårbare og alle er i risikogruppa dersom dei blir smitta av koronavirus. Ein infeksjon hjå ein bebuar eller tilsett, kan få alvorlege konsekvensar for bebuarar, og også tal pleiepersonell som kan hjelpe vidare med stell/pleie. Vi må derfor gjere det vi kan for å redusere risikoen for smitte.

Det er per i dag ikkje forbod mot at bebuarane i omsorgsbustaden går ut av bustaden sin. Vi tilrår at alle held seg mest mogleg heime, men det å gå ut er samstundes viktig for å få variasjon i dagen, få frisk luft og hindre funksjonstap. Om ein har symptom på luftvegsinfeksjon, skal ein halde seg på rommet sitt.

Dersom ein vel å gå ut av bustaden, må ein følge desse råda:

  • Hald 2 meter avstand til andre.
  • Vask/desinfiser hendene godt før du går ut og når du kjem heim.
  • Avgrens kontakten til nokre få personar.
  • Du skal ikkje ha kontakt med andre som har symptom på luftvegsinfeksjon.

Vi har stor forståing for at de gjerne både ønsker å ta med pårørande ut av omsorgsbustaden for å vere saman, og at de ønsker å gje ei ekstra merksemd til dykkar nære i denne spesielle tida vi er inne i. Behovet kan kjennast ekstra stort no når ein ikkje kan vere saman som før.

Vi ber likevel om forståing for at tiltaka vert sett i verk nettopp for å beskytte dykkar nære best mogleg, samt at vi skal kunne behalde nok tilsette på jobb til å kunne utføre nødvendig stell og pleie.