Sunnfjord kommune

Ekstraordinært møte i formannskapet 26. mars

Ekstraordinært møte i formannskapet 26. mars

Klikk for stort bilete Illustratør: Gregory Idehen Møtet i kommunestyret 26. mars vart avlyst som følgje av strengare tiltak mot koronautbrotet. Det er sett opp eit ekstraordinært formannskapsmøte 26. mars. 

Avlysing av kommunestyremøte 26. mars 

Sjå brev frå ordføraren om situasjonen. 

Det er sett opp eit ekstraordinært formannskapsmøte. Sakene som var meldt opp til kommunestyret blir lagt fram for formannskapet for eventuell behandling, som hastesaker etter kommunen sitt reglement for formannskapet, § 4.

Formannskapet 26. mars

Møtestad: Møterom Anga - Sunnfjord rådhus (fjernmøte)
Møtetid: 09.00
Innkalling og sakliste

Sak 060-068/19 var meldt opp til kommunestyret og blir no lagt fram for formannskapet for eventuell behandling. Sak 069-070/20 er meldt opp til formannskapet.

Møtet blir gjennomført som fjernmøte (videomøte) jf. Midlertidig forskrift om gjennomføring av fjernmøter i kommuner og fylkeskommuner for å begrense spredning av Covid-19. 

Møte i kommunestyret 30. april 

Kommunen arbeider med løysingar for å få avvikle kommunestyremøtet 30. april der alle medlemmane i kommunestyret kan delta på ein god og forsvarleg måte. M.a. ønskjer vi å få til strøyming av møta slik at publikum kan følgje møte på nett.