Sunnfjord kommune

Eigedomsskatt – status klagebehandling 2021

Eigedomsskatt – status klagebehandling 2021

Klikk for stort bileteDessverre vart vi ikkje ferdige med å handsame alle klagene på eigedomsskatt før sommarferien. Resterande klager blir handsama til hausten (september/oktober).  

Sakkyndig takstnemnd

Sakkyndig takstnemnd har gjennomført sju møter og har handsama 180 klagesaker. Ein del av desse klagene blir sendt vidare til klageutvalet for endeleg vedtak. 

Når sakkyndig takstnemnd har gitt klagar medhald i klagen, blir vedtaket sendt til klagar/eigar og det er ny klagerett på seks veker.   

Vi har til saman ca. 60 klagesaker som ikkje er handsama i sakkyndig takstnemnd. (1. instans for klage). Det er planlagt møte i sakkyndig takstnemnd den 30. august 2021 og 7. september 2021 (dato kan bli endra). Vi reknar med at alle klagene skal vere ferdig handsama av sakkyndig takstnemnd på desse to møta, dersom ikkje blir det sett opp eit ekstra møte i september. 

Klageutvalet

Dersom den som klagar ikkje får medhald i klagen, blir klagesaka sendt til klageutvalet for endeleg vedtak. Klageutvalget har planlagt møte den 1 og 8. september 2021.  

Alle som klagar får tilsendt vedtak i si sak når klagehandsaminga er ferdig. Det er ikkje klagerett på vedtak i klageutvalet. 

Alle klagesaker etter eigedomsskattelova er unnateke for offentleg innsyn:

Søknad om fritak etter eigedomsskattelova § 7

Eigedomsskattekontoret har motteke søknader om fritak for eigedomsskatt etter eigedomsskattelova § 7. Desse sakene skal handsamast av formannskapet og kommunestyret etter sommarferien.