Sunnfjord kommune

Du kan trygt oppsøke legetenesta

Du kan trygt oppsøke legetenesta

Klikk for stort bileteBåde hos fastlegane og på legevakta er kapasiteten for tida god. Det kan sjå ut som at mange har latt vere å oppsøke legetenesta av frykt for koronasmitte. 

Du kan trygt gå til legen for vanlege konsultasjonar

Legevakt og fastlegetenesta er no organisert slik at personar med luftvegssymptom ikkje vert blanda på venteromma. Difor kan du trygt gå til fastlegen for vanlege konsultasjonar. 

Både hos fastlegane og på legevakta er kapasiteten for tida god. Det kan sjå ut som mange har latt vere å oppsøke legetenesta av frykt for koronasmitte. Det er det ingen grunn til, seier kommuneoverlege Øystein Furnes.

Ikke ver redd for å ta kontakt

Hugs at du må kontakte fastlegen din på telefon eller elektronisk før du møter opp på legekontoret. 

Kontaktinformasjon til fastlegane i Sunnfjord kommune

- Du kan trygt gå til fastlegen din for vanlege konsultasjoner, men har du luftvegssymptom er det ekstra viktig at du ringer legen på førehand for å få vurdert om det er i orden at du møter opp. 

Delt venterom

- På legevakta har vi no betre kapasitet på telefon 116 117 og vi ber framleis alle om å ringe på førehand når det gjeld luftvegssymptom. Vi har delt av venterommet slik at luftvegssmitte og andre problemstillingar sitter kvar for seg. Vi har kapasitet til å ta imot fleire. Ikke ver redd for å ta kontakt, vi er der for å hjelpe deg, sier legevaktsjef Øystein Furnes. 

Vil du få med deg siste nytt om koronavirus og kommunen sine tiltak? 

Temaside om koronavirus og tiltak