Sunnfjord kommune

Du kan tidlegrøyste frå 1. juli

Du kan tidlegrøyste frå 1. juli

Klikk for stort bilete  

Dersom du ikkje har moglegheit til å røyste på valdagen eller i førehandsrøysteperioden frå 10. august til 10. september, kan du røyste ved Førde tenestetorg frå 1. juli. 

Kven kan røyste tidleg? 

Ordninga gjeld for alle som oppheld som innanriks (utanom på Svalbard og Jan Mayen), men er meint som ei ordning for dei som ikkje har moglegheit til å røyste i den ordinære førehandsrøysteperioden eller på valdagen. 

Det er likevel ikkje krav om at veljaren må dokumentere at han eller ho ikkje har høve til å førehandsrøyste eller røyste på valdagen. 

Kvar kan du røyste tidleg? 

Du kan tidlegrøyste i Førde tenestetorg i rådhuset (Hafstadvegen 42). 

Opningstid: kl. 08.00-15.00.

Du kan førehandsrøyste i den kommunen du vil, men på valgdagen kan du berre røyste i den kommunen du er folkeregistrert som busett i per 30. juni 2021. 

Husk legitimasjon

Du må ta med legitimasjon når du skal røyste. Det er ikkje tilstrekkeleg å oppgi namn og fødselsdato. 

Døme på legitimasjon er pass, førarkort og bankkort med bilete. Kravet er at legitimasjonen inneheld namn, fødselsdato og bilete. 

Ordinær førehandsrøysting frå 10. august

NB! Dei ordinære røystesetlane er ikkje ferdige til tidlegrøystinga, så du kan berre røyste på eit parti og ikkje gjere endringar på kandidatane på lista.

Røystesetlane vil vere klare til den ordinære førehandsrøystinga som byrjar 10. august og varer til 10. september. 

Sjå oversikt over vallokale og opningstider for førehandsrøystinga