Sunnfjord kommune

Detaljreguleringsplan for Naustøyna, gang- og sykkelbru

Detaljreguleringsplan for Naustøyna, gang- og sykkelbru

Detaljreguleringsplanen for Naustøyna, gang- og sykkelbru vart vedteken av Sunnfjord kommunestyret 18. november 2021. Dette er gjort i samsvar med reglane i plan – og bygningslova §12-12. 

Plankart, føresegner, saksutgreiing og andre relevante dokument 

Vedtak i Kommunestyret 18. november 2021

"Detaljregulering Naustøyna, gang- og sykkelbru, plankart og føresegnar datert 26.10.2021 vert vedteken i samsvar med plan og bygningslova §12-12. 

Planen erstattar delar av eksisterande reguleringsplanar i samsvar med føresegn §3.2. Fråvik frå krav i vegnormalen N100 om maks stigning på rampe frå sentrum sør og inn på brua, vert godkjend."

Gang- og sykkelbru frå Hafstadvegen ved Klakeggbygget og over Jølstra til Elvevegen

Det er planlagt nytt gang- og sykkelsamband frå Hafstadvegen ved Klakeggbygget og over Jølstra til Elvevegen. Dette er tiltak 8 i Førdepakken. Brua har ein svak S- form og skal ha sykkelveg med fortau. På begge sider av brua skal det leggast til rette med torgplass som skal vere gode opphaldsstadar.

Reguleringsplanen er tilpassa til Elvekanten sin plan med parkeringskjellar og nedkøyringsrampe. Det er også mogleg å tilpasse ev. badestrand ved Naustøyna. Planen har vore på høyring i perioden 23.06.2021 til 01.09.2021. Merknader til planen er summert opp og kommentert i vedlegg 4 i saka til kommunestyret. Planen erstattar delar av eksisterande reguleringsplanar i samsvar med føresegn §3.2. 

Klage på vedtaket

Den som er part i saka, eller som har rettsleg klageinteresse, kan klage på vedtaket innan tre
veker frå du har teke imot denne meldinga.

Klagen skal stilast til Statsforvaltar i Vestland og sendast til:

  • postmottak@sunnfjord.kommune.no  eller
  • Sunnfjord kommune, Postboks 338, 6802 Førde