Sunnfjord kommune

Detaljreguleringsplan E39 Storehaugen – Førde til høyring og offentleg ettersyn

Detaljreguleringsplan E39 Storehaugen – Førde til høyring og offentleg ettersyn

Kart som viser veg og tunell frå Storehaug til Førde gjennom Hafstadfjellet - Klikk for stort bilete Statens vegvesen

Statens vegvesen har no lagt detaljreguleringsplan E39 Storehaugen – Førde til høyring og offentleg ettersyn. Høyringsperioden er 07.11.2022–30.12.2022

Kort om planen

Formålet er å regulere areal til ny E39 frå Storehaugen til Førde. Strekninga er ca 9,5 km med ny E39 der 7,5 km av strekninga er lagt i tunnel mellom Myra og Bruland. Sør for tunnelen vert det eit planfritt kryss, og på nordsida av tunnelen vert ny veg kobla til eksisterande vegnett mot Førde og Skei i ei rundkøyring. Tunnel er regulert med tunnelprofil T14 med 2 køyrefelt i stigninga opp mot Storehaugen og eit felt i retning Førde.

Forslaget omfattar også delar av fv 57 ved Storehaugen og del av eksisterande E39 sør for Storehaugen. 

Det er sett av areal til mellombels anleggsområde langs veglinja og til permanent utfylling av massar ved Espeland.

Vedtak av ny detaljreguleringsplan vil erstatte heilt eller delar av gjeldande reguleringsplanar:

Detaljregulering Storehaugen - Førde
Plannamn Gjeld frå dato Planidentifikasjon
Fv. 57 Perhaugen - Storehaug 20.06.2019 4647_143020180001
Espeland, del av gbnr. 110/4 11.01.2008 4647_143020070004
Kårstad transport AS 06.01.1998 4647_143019970002
Skilbrei 27.06.1997 4647_143019970001
Førde - Bruland Pars. A og C 10.04.1986 4647_143219850033
Bruland, - gbnr.60/8 26.11.2002 4647_14320021002

Sei di meining innan 30. desember

Kommunen inviterer innbyggarar og andre aktørar til å seie si meining om planen. Fristen for å sende inn innspel er 30. desember.

Du får ikkje svar på innspelet ditt, men alle innspel blir lagt ved i den vidare saksbehandlinga. Innspel som blir sendt inn blir offentleg tilgjengelige på nettsida, med mindre dei inneheld sensitive data. Brukar du e-post, vil e-postadressa di bli offentlig tilgjengelig.

Slik sender du innspel

Du sender innspel i post eller på e-post, då må du merke saka med: E39 Storehaugen – Førde

Har du spørsmål?

Du kan ringe eller sende e-post til Namn Namnesen om det er noko du lurer på.