Sunnfjord kommune
Kort om planen
Planområdet ligg ca. 3-4 km aust for Førde sentrum. Planen legg til rette for å ta ut eksisterande nyttbare massar på eigedomane og deponere tunnel-/steinmassar frå bygging av E39 Storehaugen – Førde i planområdet. Planområdet er ca. 83 dekar, og arealet skal opparbeidast og legge til rette for etablering av nærings- og forretningsareal for verksemder knytt til transportnæringa. Firda Billag kan etablere den arealkrevjande verksemda si i området, og ynskjer samtidig at tilsvarande verksemder vert etablert der. Føresegna i reguleringsplanen fastset ulike rammer og krav for utbygging på dette området.
Tilkomst til området er planlagd frå E39 i sør. Eksisterande gang-/sykkelveg sør for E39 er ført vidare i planen, medan planfri kryssing av E39 er ny. Det er knytt ulike rekkjefølgjekrav i samband med gjennomføring av planen.
Det vert vist til planframlegget for fleire opplysningar. Illustrasjonar og teikningar i planframlegget viser moglege framtidige løysingar for utbygging.
Eigedomar i planområdet:
Gnr. bnr. 59/12, 60/7, 60/23, 60/24, 60/35, 60/36, 60/44, 60/66, 60/171, 60/189, 60/227, 60/235, 60/246.
Planframlegget vil erstatte delar av følgjande reguleringsplanar:
Namn på plan | Planid | Type plan | Erstattast |
Bruland sandtak (2004) | 1432_20020011 | Reguleringsplan (PBL1985) | Delvis |
Bruland II gangveg (1998) | 1432_19970014 | Reguleringsplan (PBL1985) | Delvis |
Dyrshaugen Næringsområde (2018) | 1432_20160001 | Detaljreguleringsplan (PBL 2008) | Delvis |
Sjå viktige dokument i saka
• Vedtak og saksutgreiing
• plankart
• føresegner
• planomtale
• sjå alle dokument frå politisk behandling
Sei di meining innan 13. oktober 2024
Kommunen inviterer innbyggarar og andre aktørar til å seie si meining om planen.
Du får ikkje svar på innspelet ditt, men alle innspel blir lagt ved i den vidare saksbehandlinga. Innspel som blir sendt inn blir offentleg tilgjengelege på nettsida, med mindre dei inneheld sensitive data. Brukar du e-post, vil e-postadressa di bli offentleg tilgjengeleg.
Slik sender du innspel
Du kan sende innspel i elektronisk i skjema:
Send innspel til 23/2345
Du kan også sende innspel i post eller på e-post, då må du merke saka med saksnummer: 23/2345
Har du spørsmål?
Du kan ringe eller sende e-post til Berit Holme om det er noko du lurer på.
Lovverk
Sjå innkomne innspel og dokument i saka
Her finn du alle dokument som er arkivert i denne saka. Du finn også innspela som er sendt inn.