Vedtak i kommunestyret
Vedtaket i kommunestyret 21.11.2024
Kort om planen
Denne strekninga er eit viktig ledd for å bygge eit nettverk av gater/vegar som kan gje betre framkomst og flyt i trafikken for alle trafikantar. Det gjeld både dei køyrande og dei som syklar/går. Det er utarbeidd ein detaljreguleringsplan (DR) for Førdehuset som skal handsamast parallelt med denne planen. Desse to planane må sjåast i ein samanheng slik at det kan bli ei god og heilskapleg løysing for området.
Planen legg til rette
Planen viser ny gate frå rundkøyringa på Hafstad og bru over Jølstra, ny utforming av Angedalsvegen frå Førdehuset og til Prestebøen. Gateløysinga blir slik som det er bygd i Langebruvegen. Angedalsvegen og p-plassen framom Førdehuset skal hevast som eit flaumreduserande tiltak. Derfor er heile det området med i denne planen. Ein konsekvens av denne nye løysinga er at det forsvinn p-plassar både i Hafstadparken og framom Førdehuset. Ny bru vil binde saman områda slik at det vert sambruk av desse p-plassane.
Planen og føresegnene er litt endra sidan høyring og offentleg ettersyn. Sjå saksutgreiinga.
Planen erstattar delar av desse gjeldande reguleringsplanane:
Leirdalen gnr. 61, bnr. 8 m.fl., E39 Hafstadflata, Hafstad bydel, Hafstadreina bensinstasjon, Hafstadflata, - del av gbnr.61/8, E39 Fjellvegen – Hafstadvegen, Hafstadparken, Fest – Utstillingsplassen, Detaljreguleringsplan for Angedalsvegen 6 mfl. og Lindbøen.
Sjå viktige dokument i saka
Plankart og føresegner vil vere juridisk bindande, medan andre dokument er av opplysande art.
Klage på vedtaket
Du har rett til å klage på vedtaket dersom du er part i saka, eller har rettsleg klageinteresse i saka, jf. plan- og bygningslova § 1-9 og forvaltningslova kap. VI.
Du kan klage på vedtaket innan 3 veker frå kunngjering.
Informasjon om klage
Klagen stilast til Statsforvaltaren i Vestland, og skal sendast til Sunnfjord kommune med saksnummer: 20/1086
Lovverk
• plan- og bygningslova § 12-12
• plan- og bygningslova § 12-4
• plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3