Detaljregulering Sæla – Liabø, Hestvika – planvedtak

Sunnfjord kommunestyre vedtok  detaljregulering Sæla – Liabø, Hestvika i møte 21.03.2024.

Vedtak i kommunestyret 21.03.2024

Sunnfjord kommune vedtek detaljregulering Sæla - Liabø, Hestvika, plankart datert 15.02.2024 og føresegner revidert 14.02.2024, i samsvar med pbl § 12-12.  

Ved endeleg vedtak erstattar detaljregulering Fv 611 Sæla – Liabø, Hestvika med planident 464720200021 del av gjeldande områderegulering/detaljregulering:

  • Områderegulering Sæla, med ikraftsetting 03.01.2014 
  • Reguleringsplan for eigedomen 96/44 Sæla, med ikraftsetting 22.02.2013 Reguleringsplan for Liabø, med ikraftsetting 26.07.1978 


I tråd med vedtak i Vestland fylkestinget og Sunnfjord kommune må opphaveleg prosjekt bli sett på vent, og det må startast opp arbeid med planer for å bygge møteplassar og punktutbetringar på heile strekninga. Punktutbetringar på heile strekninga må skje etter ei samla vurdering, og innspela på møteplassar må vektleggast. 

 

Kort om planen 

Vegstrekninga mellom Sæla og Liabø er tenkt utbetra, slik at vegen vert ein tofeltsveg med gang- og sykkelveg. I Hestvika er det planlagt eit deponi, samt utbetring av vegen. Riggområdet på Sæla skal nyttast til brakker og kontor. 

Planen er endra sidan høyring og offentleg ettersyn for å ta omsyn til innspel.  

Planen erstattar delar av:

  •  Områderegulering Sæla, med ikraftsetting 03.01.2014 
  • Reguleringsplan for eigedomen 96/44 Sæla, med ikraftsetting 22.02.2013 
  • Reguleringsplan for Liabø, med ikraftsetting 26.07.1978
     

Sjå viktige dokument i saka

Plankart og føresegner vil vere juridisk bindande, medan andre dokument er av opplysande art.

Klage på vedtaket

Du har rett til å klage på vedtaket dersom du er part i saka, eller har rettsleg klageinteresse i saka, jf. plan- og bygningslova § 1-9 og forvaltningslova kap. VI.

Du kan klage på vedtaket innan 3 veker frå kunngjering.  

Du kan enten sende klage på e-post eller i post:

Dersom du får avslag i kommunen, blir klagen sendt til Statsforvaltaren i Vestland for endeleg avgjerd.

Meir informasjon om saka

Lovverk