Sunnfjord kommune

Detaljregulering Pynten til høyring og offentleg ettersyn

Detaljregulering Pynten til høyring og offentleg ettersyn

Kartutsnitt av Pynten - Klikk for stort bileteKartutsnitt av PyntenFormannskapet i Sunnfjord kommune har gjort vedtak om å sende detaljregulering Pynten til høyring og offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova (pbl) § 12-10.

Planframlegget er utarbeidd av Xform AS og Norconsult AS på vegne av O. Drage Utvikling AS.
 

Føremålet med planen

Planen legg til rette for å føre opp fire frittliggande einebustader i to etasjar og tre to-mannsbustader i tre etasjar. Det kan etablerast 10 bueinigar i området. Det er sett av felles leike-/uteopphaldsareal i vest og mellom tomannsbustadane. Privat uteopphaldsareal skal løysast på eiga tomt.

Tilkomst til det nye bustadfeltet vil skje frå eksisterande veg Presteholten. Om lag 80 m av eksisterande veg er regulert med utvida vegbreidde. Det er regulert ny veg til bustadtomtene, og ny tursti frå bustadfeltet mot Kyrkjevegen i sørvest. Det er knytt ulike rekkjefølgjekrav i samband med gjennomføring av planen. Det vert vist til planframlegget for fleire opplysningar.

Planområdet

Planområdet ligg nordaust for Førde sentrum, og er ei vidare utbygging av Presteholten mot vest, sjå flyfoto. Planområdet gjeld i hovudsak gbnr. 21/38, og deler av gbnr 21/381, 401, 403, 406, 410, 418, 421,og er samla ca. 8 dekar.

Vedtak av ny detaljreguleringsplan vil erstatte delar av gjeldande reguleringsplan Presteholten (planid 4647-143219750012) av 1974.

Informasjon og medverknad

Det er høve til å kome med innspel og merknader til planframlegget. Alle merknadar vil bli vurdert og kommentert i saksframstillinga til politisk handsaming. Sunnfjord kommunestyre vil vedta detaljreguleringsplanen.

Planframlegget inneheld planomtale, reguleringsføresegner, plankart, risiko- og sårbarheitsanalyse, illustrasjonar og diverse rapportar m.m. Plankart og føresegner vil vere juridisk bindande, medan andre dokument er av opplysande art.

Dersom det er ynskje om å få plandokumenta tilsendt som papirformat kan du kontakte Berit Holme

Utleggingsperiode

  • 12.oktober – 28.november 2021 

Merknad

  • Merknadsfrist: 28. november 2021

Send merknad til saka 20/463

Du kan også sende merknad i post:

  • Sunnfjord kommune, Postboks 338, 6802 Førde 

Har du spørsmål?

Kontakt Berit Holme:  telefon 57 61 27 16 eller epost berit.holme@sunnfjord.kommune.no 

Kontakt

Berit Holme
Fagkoordinator planavdeling
E-post
Telefon 57 61 27 16

Fagkoordinator for plan på eininga areal og byggesak. Jobbar med planarbeid og dispensasjon etter plan- og bygningslova