Detaljregulering Gamle Vievegen B18, del av gbnr. 43/17 - høyring Sunnfjord kommune Detaljregulering Gamle Vievegen B18, del av gbnr. 43/17 er lagt ut på høyring. Vi ønsker innspel frå deg. Høyringsperioden er 17.03.2023. – 02.05.2023 Kort om planen Planområdet ligg mellom E39 og sjukehuset i Førde og er ca. 10,6 dekar Formannskapet vedtok å sende planen til høyring og offentleg ettersyn i møte 09.03.2023. Planen legg til rette for etablering av 2 eine-tomannsbustadar og 5 to-/tremannsbustader. Tilkomst til einebustadane er via Gamle Vie vegen frå nord og til to- og tremannsbustader frå Moldtaksvegen i aust. Vedtak av ny detaljreguleringsplan vil erstatte delar (heilt) av gjeldande reguleringsplanar: Detaljreguleringsplan Vie Området, med planID 4647_143219930048 Detaljregulerigsplan Vieåsen Sør, med planID 4647_143219980005 Detaljreguleringsplan Kronborg – Vie, parsell med planID 4647_143219980003 Detaljreguleringsplan Vieåsen sør, Tun 6 og 7, med planID 4647_143220030007 Sjå viktige dokument i saka Sjå dokument i saka Sei di meining innan 2. mai 2023 Kommunen inviterer innbyggarar og andre aktørar til å seie si meining om planen. Frist for å sende inn innspel er 2. mai 2023. Du får ikkje svar på innspelet ditt, men alle innspel blir lagt ved i den vidare saksbehandlinga. Innspel som blir sendt inn blir offentleg tilgjengelege på nettsida, med mindre dei inneheld sensitive data. Brukar du e-post, vil e-postadressa di bli offentleg tilgjengeleg. Slik sender du innspel Du kan sende innspel i elektronisk i skjema: Send innspel til 21/1842 Du kan også sende innspel i post eller på e-post, då må du merke saka med saksnummer 21/1842 Sunnfjord kommune, Postboks 338, 6802 Førde postmottak@sunnfjord.kommune.no Har du spørsmål? Du kan ringe eller sende e-post til Helge Alme om det er noko du lurer på. Helge Alme e-post helge.alme@sunnfjord.kommune.no telefon 57 71 85 58 Lovverk plan- og bygningslova § 12-10 Sjå innkomne innspel og dokument i saka Her finn du alle dokument som er arkivert i denne saka. Du finn også innspela som er sendt inn. Publisert 17.03.2023 09.33