Sunnfjord kommune

Det vert opna opp for aktivitetar og små arrangement i omsorgssenter

Det vert opna opp for aktivitetar og små arrangement i omsorgssenter

Klikk for stort bileteDet er lite smitte med covid19 i vårt område og det vert difor opna opp igjen for aktivitetar, arrangement / underhaldning i fellesareal i omsorgssenter.

Opnar for aktivitetar, men viktig å følgje smittevernreglar

Døme på underhaldning / aktivitet er minikonsertar, andakt, bingo, sittedans, song, besøksvenn og liknande. For at desse aktivitetane kan gjennomførast, er det særs viktig at dei personane som kjem for å gjennomføre aktiviteten er friske og følgjer gjeldande smittevernreglar. Frivillige og eksterne aktørar kan fråvike kravet om 1 m avstand til brukar for å hjelpe brukar med til dømes bingo, opp og ned av stol, måltid, toalettbesøk.

Pasientar/brukarar frå same avdeling/eining, skal halde 1 meter avstand til kvarandre. Dersom pasientar/brukarar vert samla på tvers av avdelingar/einingar skal det vere minimum 2 meter avstand mellom gruppene.

Dagaktivitetstilbod til heimebuande brukarar må vere skilt frå aktivitetstilbod til pasientar ved omsorgssenteret. Skjer aktiviteten i same lokalet, skal tilbodet til heimebuande brukarar og pasientar ved omsorgssenter vere på ulike dagar. Heimebuande brukarar må vere friske og ikkje ha symptom på luftvegsinfeksjon.

Ved transport til/frå dagaktivitetstilbodet, gjeld kravet om 1 meter avstand i bil. Det betyr at det maks kan vere 4 personar i ein 5-seters bil.

Følgjande reglar gjeld for frivillige og eksterne aktørar: 

  • Aktiviteten og arrangementet skal vere avtalt med leiinga på førehand.
  • Det vert ført protokoll over dei som kjem for å underhalde. Desse personane vert oppmoda om å oppgje namn og telefonnummer med tanke på smitteoppsporing ved oppstått smitte.
  • Vere friske – ikkje ha symptom på luftvegsinfeksjon.
  • Vaske hendene når dei kjem.
  • Bør halde 1 meter avstand til pasient/bebuar.
  • Skal halde 1 meter avstand til tilsette.
  • Dersom dei som skal underhalde har vore på reise i Oslo-området eller utlandet, kan dei ikkje komme inn på omsorgssenteret før 10 dagar etter heimkomst.
  • Melde frå til avdelingsleiinga dersom dei som har underhalde får  symptom på luftvegsinfeksjon dei første dagane etter arrangementet.